– Som før er det valseblokk som held seg godt i ein marknad prega av mykje uvisse, men me skulle ønskt at marknaden for støypelegeringar til bilindustrien hadde vore betre, seier fabrikksjef Anveig Halkjelsvik i ei pressemelding.
Fredag presenterte Hydro Årdal eit overskot før renter, skatt og avskrivingar på 430 millionar kroner for tredje kvartal 2025. Resultatet er lågare enn for same periode i 2024, då det landa på 596 millionar kroner.
Men trass i lågare aktivitet i den europeiske marknaden og auka kostnadsnivå, er likevel salsvolumet høgare enn for same periode i fjor. Bakgrunnen er den store etterspurnaden etter valseblokk.
Rustar seg for framtida
Det er også sett produksjonsrekord i elektrolysen, og metallverket gjer stadig fleire grep for å henga med i det grøne skiftet.
Nyleg vart det første elektriske arbeidskøyretøyet og nye lastebilar med kapasitet på 60 tonn levert. Det inneber meir volum og færre turar mellom Øvre Årdal og Årdalstangen.
For å gjera konsernet meir robust for framtida i ei verd prega meir uvisse, er det gjort ein gjennomgang av bemanningsbehovet. Det gjeld særleg stabs- og støttefunksjonar som har resultert i nedbemmaning på tvers av heile verksemda.
– Den globale uroa påverkar oss. For tilsette direkte knytt til metallverket vil det ikkje bli oppseiingar, men nokre får tilbod om tidleg pensjon. For nokre funksjonar innan forsking og utvikling, IT og administrasjon er ikkje konsekvensane av nedbemanninga endeleg avgjort. Målet er at prosessen skal vera avslutta innan utgangen av november, seier Halkjelsvik.

Dei store elektrolysehallane der verdiskapinga går føre seg. Her har dei kokt lettmetall i snart åtte tiår.
Jubileum i Høyanger
Det same gjeld for metallverket i Høyanger, som i tredje kvartal kan visa til eit resultat på 107 millionar kroner før renter, skatt og avskrivingar. Til liks med Hydro i Årdal, merkar også fabrikken i Høyanger den høge etterspurnaden etter valseblokk.
– Dei urolege tidene i Europa slår ut på verksemda vår i Høyanger, både på metallverket og i det nye resirkuleringsanlegget der me har gjort tilpassingar til marknaden. Men etterspurnaden etter valseblokk held seg framleis godt, og me leverer eit godt overskot trass i den krevjande marknadssituasjonen, seier fabrikksjef Ann Synnøve Øygård i ei pressemelding.
I Høyanger blir det også feira jubileum i år. Det er nemleg heile 110 år sidan aluminiumsverksemda Naco vart etablert, parallelt med at Hydro sjølv bygde ut kraftkrevjande industri. Jubileet vart markert i september med open dag og omvisingar på verket.
– I Høyanger forvaltar Hydro ein heilt spesiell arv. Sidan 1915 har industriverksemda og lokalsamfunnet vore tett samanvove, og ikkje berre gjennom sysselsetting og verdiskaping. Me er mellom anna stolte over samarbeidet der industrivernet til verket er ein viktig del av beredskapen i kommunen. I år feirar også Hydro sjølv 120 år, og me skal bidra til å halda hjula i gang også i framtida, seier Øygård.

Frå desse elektrolyseovnane i Høyanger blir det produsert kring 100.000 tonn aluminium per år, som mellom anna går til bilindustri i Europa
Foto: Bjørn Borkamo/arkiv