– Me surfar så ofte me kan, det er mellom anna derfor eg bur på Jæren også.
Edvard Boge (28), som er frå Vestland, tenkar seg litt om før han held fram:
– Eg har ikkje heilt sjølvtilliten til å melde meg på, kanskje.
Jærbladet møter Boge, Markus Hagenes (29) og Henrik Ek Hayes (27) i sanddynene på Selestranda. I likskap med mange fleire i nær omkrins, speidar dei ut i havgapet for å heie fram lokale og tilreisande utøvarar som gjer sitt beste på bølgene.
Konkurransen strekker seg gjennom heile helga.
Alle dei tre er bitne av surfebasillen, og har planar om å stå på brett seinare på dagen – utanom konkurransen.
Små bølgjer, men strålande sol
– Han surfar no, sjå no, sjå no!
Ein dei kjenner er i elden. Sjølv om tilhøva på land er upåklagelege, med sol og gode temperaturar, er det verre på havet. Bølgene skulle helst vore litt større.
– Du ser ta dei må jobbe veldig med å halde farten, skyt Boge inn.
– Det er kjekt å stå og heie på dei som kan det, seier Hagenes.
Glen William Imrie og Valentin Launay sit begge i styret til Jæren surfklubb.
Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Også arrangør Jæren surfklubb, representert av styremedlem Valentin Launay, påpeiker at det er marginale forhold, samanlikna med kva dei ønskjer å ha.
– Me skulle gjerne hatt større bølger og kraftigare forhold. Men det er eigentleg veldig fine konkurranseforhold sjølv om det er litt smått, fordi me greier å skilje mellom dei beste og dei som er mindre gode, om nokon har nivå til å utnytte bølgjene eller ikkje, seier han.
– Prøver alltid å bevare naturen så godt som mogleg
For å delta i NM er regelen at utøvaren må ha norsk pass. Blant dei er både tilreisande frå utland og innland – og ein del lokale.
I konkurransen er det totalt 49 påmelde gjennom helga.
– Det er ganske bra oppmøte i dag, skyt styremedlem Glen William Imrie inn.
Launay seier seg einig, men hadde eigentleg sett for seg enda fleire tilskodarar frå sida.
Det var sett opp eit slags badstutelt, der folk kunne varme seg mellom slaga.
Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
– Utfordringa her er at det ikkje er så mykje parkeringsplass.
Parkeringsplassane ved både stranda og hamna fylte seg opp gjennom formiddagen, og ein del bilar stod langs vegen. Launay seier dei prøver å ha frivillige oppe ved vegen, som dirigerer bilistane.
Han er klar på at dei ønskjer å ha dei lokale på si side.
– Det beste er ha konkurransen på Bore, med mykje større parkeringsplass og betre fasilitetar med dusj og do på parkeringsplassen, men bølgjene er dårlegare der enn her, derfor har me valt å vere her.
Dei fortel at dei har søkt til Statsforvaltaren om lov til å arrangere konkurransen, og legg til:
– Me prøver alltid å bevare naturen så godt som mogleg.