Styret i Helse Førde har no vedteke å greie ut ei rekkje tiltak for å spare pengar. Mellom desse er eit forslag om å samle all ortopedisk aktivitet i Førde og dermed leggje ned ortopedisk avdeling og skadepoliklinikk ved Lærdal sjukehus.

Vi legar i Indre Sogn ser med stor uro på dette. For oss er dette ikkje eit nøytralt «driftstiltak» – det er eit reelt kutt som vil ramme pasientar, fagmiljø og heile lokalsamfunnet.

Kva betyr dette for Lærdal og Sogn?

  • Pasientar med heilt vanlege brot og skadar må reise timevis til Førde, ofte med ambulanse. Vi veit allereie frå sommarstenging av skadepoliklinikken at dette ikkje fungerer. Legevaktslegar har måtta reponere skuldrer og brot sjølve – ein risiko vi ikkje kan akseptere som permanent løysing.
  • Ortopedi er ein berebjelke for LIS1 – Legar i Spesialisering (tidlegare kalla turnuslegar) i Lærdal. I dag får nyutdanna legar 6 månader teneste ved medisinsk avdeling og 3 månaders teneste ved ortopedisk avdeling. Deretter må dei ha 3 månader kirurgisk teneste i Førde, for så å ferde løpet med 6 månader ved eit fastlegekontor i ein nærliggjande kommune. Stillingane ved Lærdal sjukehus er viktige og attraktive for rekruttering. Om ortopedi vert lagt ned, forsvinn grunnlaget for rekruttering, både til sjukehuset og områda rundt.
  • Mange fastlegar har partnarar som arbeider på sjukehuset. Når arbeidsplassar forsvinn, er det ikkje sikkert desse legane ser ei framtid i Sogn. Vi risikerer å miste både spesialisthelsetenester og fastlegar – to ting som allereie er kritisk mangelvare.
  • Vi fryktar med slik nedlegging òg meir «lekkasje» av pasientar til Helse Bergen, fordi vegen til Førde er for lang, og kapasiteten for liten. Frå legevakt i Lærdal er vegen til Voss kortare enn til Førde. Slik lekkasje vil få negative økonomiske konsekvensar for Helse Førde – er dette tatt med i utrekningar på innsparingar?
  • Som legar opplever vi det som uverdig – og rett og slett flaut – å bu og arbeide i ein region der pasientar må transporterast fleire timar til Førde for enkel vurdering. Om ein legg ned ortopedien og eit sjukehus så ikkje eingong kan gipse eit brot, er det eit teikn på alvorleg svikt i både tryggleik og styring. Vi kjenner på skam når ein turist – eller ein gamal og skrøpeleg pasient – må liggje timevis i ambulanse for ei rutinehandsaming som trygt kunne vore gjort i Lærdal. Mange av desse eldre har gjennom eit langt liv betalt for helsetenestene vi alle nyt godt av, men får sjølve ei uverdig avslutning når dei treng hjelp mest.

Me som legar gjer ei viktig oppgåve og tek stort ansvar for folk her, men det vert ikkje spegla i eit system som gjer pasientbehandlinga unødvendig tungvint og umenneskeleg. Dette undergrev tilliten til helsevesenet – hjå både innbyggjarar og tilreisande.

For Helse Førde ser dette ut til å handle berre om økonomi, men for oss i Indre Sogn handlar det om mykje meir. Det handlar om tryggleik, rekruttering, beredskap og likeverdige helsetenester. Det er ikkje mogleg å kutte bort ortopedien i Lærdal utan å samstundes svekkje tilbodet og tryggleiken for pasientane våre.

Legane i Indre Sogn kan ikkje sitje stille og sjå på at Lærdal sjukehus blir svekka bit for bit. Vi oppmodar styret i Helse Førde til å tenkje seg om ein gong til. Dei tiltaka som no blir kalla «kostnadseffektive», kan i realiteten koste oss mykje meir – både menneskeleg, fagleg og økonomisk – i åra som kjem.