– Det kan bli omkamp om skulenedleggingane. Om det faktisk blir det, er eg usikker på.
Det seier Frank Willy Djuvik (Frp).
Rett etter at skulenedleggingsvedtaket var eit faktum torsdag, sa Djuvik til NRK Vestland at det ville bli omkamp om vedtaket. Han viste til at det berre var ei stemmes overvekt for nedlegging, og at det var fleire vararepresentantar til stades i møtet.
– Når det blir fatta eit så viktig vedtak, som har så store samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar for så mange menneske, så er det først og fremst svært uheldig at det skjer med berre ei stemme i overvekt, seier han til Firdaposten.
Kinn kommune sitt budsjett for 2025, som Djuvik sjølv stod i spissen for, vart også vedteke med berre ei stemme i overvekt.
– Men eit budsjett kan ein jo gjere om året etter. Skulenedleggingane er utan tvil det mest samfunnsinngripande vedtaket vi har fatta i Kinn kommunestyre. Då er det veldig uheldig at det er så jamnt, seier Djuvik.
– Omkampar er aldri positivt for utviklinga i ein kommune, eller for dei politiske prosessane. Det er uheldig. Men samstundes er det ikkje mogleg å sjå for seg at det ikkje blir omkamp. Vi må ha eit stabilt fleirtal som er større enn dette.
Han peikar på at fleirtalet er så knapt at det kan endre seg frå møte til møte, alt etter kven som møter for dei ulike partia.
To vegar til omkamp
Det er på to ulike måtar det i første omgang kan bli omkamp om skulenedleggingane. Det eine alternativet er at eit fleirtal no i haust legg fram eit budsjett der dei spesifiserer at det ikkje skal vere skulenedleggingar. Det andre alternativet er at ein tredel av kommunestyret krev å få saka opp att. Men om det faktisk kjem til å skje, er han usikker på.

Frank Willy Djuvik (Frp).
Foto: Egil Aardal
– Skal ein krevje saka opp att, så må dei som står bak vere sikker på at dei har fleirtal imot nedlegging. Viss ikkje blir det berre ei politisk markering, og unødvendig bruk av ressursar. Å ta opp att ei sak i kommunestyret er uansett ein moglegheit ein må bruke med forsiktigheit. Men det er ein demokratisk rett mindretalet har, seier han.
Og skal ein ta det i budsjettet, så legg det store føringar på kven som kan samarbeide om kommunebudsjettet.
– Det er ikkje gitt att dette blir avgjort i budsjettprosessen, det vil påverke veldig mykje anna, og kva som er mogleg å få til i budsjettet. Uansett blir det ein veldig spennande haust. Og siste ord er garantert ikkje sagt, seier Djuvik.
– Det er lenge til hausten 2027 og 2028. Veldig mykje skal skje før den tid, og det kan bli fleire omkampar. Føresetnadane kan endre seg mykje på den tida, og det kan komme mange politiske saker på dette framover. Mellom anna har ikkje administrasjonen lagt fram konkrete tal på kva og kvar ein skal spare på nedleggingane. Så det blir ikkje stille om skulenedleggingar med det første.
– Mange skjer i sjøen
Gruppeleiar i Venstre, Hilmar Eliasson, trur det er mange skjer i sjøen for dei vedtekne skulenedleggingane. Difor meiner han at siste ord uansett ikkje er sagt.
– Korleis stiller Venstre seg til ein omkamp i kommunestyret?
– Eg vil kontre spørsmålet med: Korleis ville dei andre partia stilt seg om det var omvendt, og dei to skulane hadde blitt oppretthaldne? Eg merka meg at Ap ikkje ville svare på dette på direkte spørsmål frå meg. Dette er spesielt. Og det spørst kva ein meiner med omkamp.

Hilmar Eliasson (V) på talarstolen i kommunestyremøtet torsdag.
Foto: Egil Aardal.
Eliasson er ikkje einig i at ein berre skal ha omkamp fordi det var ei stemme overvekt for nedlegging, og at det er reelt fleirtal i bystyret, slik Frank Willy Djuvik beskriv det. Her må alle ta inn over seg at kvar og ein må vere til stades når viktige saker skal avgjerast, seier han
– Å forsøke omkamp berre basert på dette, meiner eg ikkje er rett. Men uansett vil vel Frp greie å skaffe 1/3 stemmer, uavhengig av Venstre om dei ønskjer å ta saka opp att. På den andre sida meiner eg at det er spesielt med eit så knapt fleirtal når ein skal legge ned noko som er så viktig for samfunnsutviklinga og dei det gjeld. Det burde vere eit større fleirtal for å legge ned kritiske område som ein skule, enn motsett. Her burde det ha vore meir kvalifisert fleirtal for å legge ned, i demokratiets ånd. Det er forskjell på å legge ned ein skule i ein storby enn større skular i vårt område. Og det med ei stemmes overvekt.
Derimot trur han det blir mange høve til å reversere vedtaket.
– Det er viktig å komme vidare. Men, det er så mange skjer i sjøen her at det vil komme nye rundar, slår han fast.
Til dømes når det gjeld opprustinga av Florø barneskole. Her har fleirtalet bestemt at opprustinga og den nye gymsalen skal stå ferdig før elevane frå Krokane kan flyttast.
Budsjettsprekk og utsettingar
– Administrasjonen garanterer på direkte spørsmål at barneskolen skal stå ferdig 1. august 2028. Men med dei erfaringane vi har frå byggeprosjekt i Kinn kommune, med sprekkar og utsettingar, så er eg sterkt tvilande til at han står ferdig då. Eg tviler også på at vi får dei økonomiske gevinstane så raskt som administrasjonen meiner. Blir det kostnadssprekk og utsettingar, så må det få konsekvensar, for då har vi gjort eit vedtak med bakgrunn i feil premissar, meiner Eliasson.
Han understrekar at han er for opprusting av Florø barneskole.
– Eg er veldig for å ruste han opp. Men eg trur det blir ein økonomisk sprekk og utsettingar, slik planane ligg føre no. Kanskje burde vi heller teke ned elevtalet og reindyrke skulen som ein skule for dei i sentrum, og ha ei avgrensa opprusting av Krokane i staden.
Dette vil etter hans syn gje reduserte investeringar totalt sett, og god effekt med omsyn til effektivitet opp mot elevtal og storleik i klasseromma.
Han er usikker på om Venstre vil vere med på å krevje saka opp att i kommunestyret.
– Det er nok med ein tredels støtte viss ein vil ta saka opp att, uavhengig av oss, det er berre å telje representantar det. Uansett så er Venstre delt i denne saka. Nokon i partiet ville nok støtta omkamp, andre ikkje. Av prinsipp er eg ikkje tilhengar av omkamp, og eg vil ikkje ta stilling til dette no. Det må uansett diskuterast internt i gruppa, så får vi ta det derifrå.
Om det blir omkamp i budsjettet er han også usikker på.
– Budsjett handlar om mykje meir enn skulenedleggingar, og heilskapen i budsjettet vil bestemme kven Venstre samarbeider med. Der handlar det om totaliteten. Vi er opne for samarbeid med alle.
– Det må skje raskt
– Vi har ikkje hatt nokon formell diskusjon i partiet på om vi skal gå for omkamp. Men vi lufta det så vidt i pausen under kommunestyremøtet torsdag, og då var det stemning for det. Det seier Geir Oldeide i Raudt på spørsmål frå Firdaposten.

Daniel Henriksson, Geir Oldeide og Hege Chatrine Brandsøy i Kinn Raudt. Arkivfoto
Foto: Egil Aardal
– Det er jo så knappe marginar at det er gale uansett kva ein gjer. Men eg spår at vi går for ein omkamp. Vi må ha formell behandling i partiet, og samle oss om eit klart standpunkt, seier han.
Ei avklaring må skje så raskt som mogleg, og før budsjettarbeidet i november, meiner Oldeide.
– Sidan det er økonomi som ligg til grunn for skulenedleggingane, så er det viktig at kommunedirektøren så tidleg som mogleg får signal viss han ikkje kan budsjettere med skulenedleggingar.
Raudt har ikkje diskutert ein eventuell omkamp med dei andre partia, dei har heller ikkje blitt kontakta om saka.
– Viss vi ikkje høyrer noko frå andre parti, så kan det vere at vi tar initiativ sjølve. I løpet av veldig kort tid no så må vi som tapte bestemme oss. Dette tenker eg bør avklarast i løpet av få dagar. Kommunelova seier at viss ein tredel av kommunestyret vil ha opp ei sak, så må ordføraren sette saka på saklista, seier Oldeide.
– Viss ordføraren er einig i at det hastar å få avklart dette, så kan vi ha eit ekstraordinært kommunestyre raskt, legg han til.
Men han er klar på at ein må vite at utfallet blir annleis viss saka skal opp att.
– Då må det vere reell vilje og fleirtal i kommunestyret for å ikkje legge ned skular. Eg er imot sverdslag i lufta og å bruke tid på ting som ikkje er reelt.

Les også
– Noko av det tristaste eg har vore med på som politikar

Les også
Utdanningsforbundet: – No er det stramt for skulane

Les også
Alternativa til skulenedlegging: kutte ny gymsal, legge ned ungdomsklubbar og stenge kommunale kjøkken

Les også
Formannskapet i Kinn vil frede skulane i minst tre år
Les også
Seier ja til nedlegging av skular: – Uansett kva vi gjer, så er det gale