Laurdag 13. desember stenger butikken på Vevang, etter å ha vore Samvirkelaget i bygda i meir enn 100 år.
Eg meinar grunnen til dette er at Coop har prisa seg ut av markedet. Dei har hatt prisar som har skremt bort kundane og arma ut butikkdrifta gjennom mange år med underskot.
Taper
Eg har gjennom meir enn 10 år prøvd å få Coop-leinga til å forstå at ein helst bør ha den rimelegaste prisen for å vinne kampen om kundane. Mykje dyrare varer er grunnen til at kundane ikkje handlar i markedsbutikkane der stykkprisane kan vere 20 kroner dyrare for same vare. Kundane forstår dette og handlar etter det. Det er difor at markedssegmentet taper i kampen om kundane.
Dei einaste som ikkje forstår dette ser ut til å vere Coop-leiinga, som i staden for å konkurrere om kundane på pris heller stenger butikken. Dette vert løysinga når ein ikkje forstår, eller vil forstå, dei mest elementære omgrepa i markedsøkonomi. Og i staden køyrer sitt eige løp, som berre kan ende i grøfta. Med årlege driftstap og nedlagt butikk.
Hemmelege
På eit bygdemøte på Vevang i fjor haust fekk vi vite at berre eitt av dei ti siste åra hadde butikken på Vevang gått med overskot. Leiinga hadde difor styrt mot ei styrt av-vikling om ein ikkje lukkast med å få nokon private til å ta over butikken og helst kjøpe ut bygget.
Coop seiere dei ikkje kan gje ut rekneskapstala som er hemmelege, men eg veit at rekneskapen inneheld årleg husleige på kr. 300 000,- for ein nedbetalt eigedom, som ein slik nytter til å skape eit underskot, som i realiten ikkje er der, men som vert nytta til å lage til eit rekneskapsmessigt underskot med den einaste hensikt er å legge ned butikkdrifta for ein butikk i markedssegmentet som dei vil kvitte seg med.
Manglar
For oss som bur i ei bygd som no mister butikken kan det vere freistande om vi hadde valet å heller kunne kvitte oss med den regionen som vi er hamna i, som heiter region Nordvest og der kunne kvitte oss med deira høge driftkostnadar og i staden behalde bygdebutikken med konkurransedyktige prisar.
Hadde Coop i tillegg hatt EXTRA-prisar i alle sine butikkar ville Coop garantert vore markedsvinnar om dei forstod sitt eige beste og ville bygdenes beste. For ei bygd utan butikk, der er det noko ein manglar.
Ny butikk?
Dagens prispraksis armer ein bygdebutikkane slik at leiinga kan legge ned så mange markedsbutikkar dei vil fordi dei ikkje er lønsame. På eit bygdemøte på Vevang i fjor haust fekk vi vite at dei siste ti åra var det underskot i ni av desse og at framtidsutsiktene ikkje var dei beste og at resultatet om dei ikkje fekk nokon privat til å ta over drifta, kunne verte at butikken var lagt ned og lokala verte seld.
No har leiinga i Coop bestemt seg for å legge ned drifta og stenge butikken 13. desember.
Tomta på Eide er for lita og får neppe byggeløyve. Difor bør Coop i staden bygge ut ein ny EXTRA butikk på Vevang som dekker frå Eide og utover til Vevang. Der er det stor nok tomt som ligg ved Atlanterhavsvegen der ein lett kan utvide eksisterande bygg stort nok til å ha Extrabutikk i framtida. På Eide har det aldri vore plass til tre matbutikkar og vert det heller ikkje i framtida. Difor er det rett å satse på Vevang.
Les også
Matprisene stiger – og noen blir søkkrike av det

Les også
Butikkens framtid på Vevang

Les også
Nå er det visst galt med nærbutikker også