Det var det lokale brannvesenet som først var framme ved hendinga.

– Ingen melding om personskade, kunne operasjonsleiar i politiet, Tore-Andre Brakstad, melde like etter hendinga.

Ifølge politiet var at det i morgontimane vars særs glatt på staden der dei to bilane møttest.

Mista kontrollen

Rundt 09.15 snakkar NH med utrykkingsleiar Monica Rongved som var på staden. Også ho melder om såpeglatte vegar i området.

– To bilar kolliderte då den eine mista kontrollen på glatta, forklarer ho.

Rongved seier at det var tre involverte personar i møteulykka.

– Passasjeren i den eine bilen var eit barn som rutinemessig er frakta til legesjekk i Eivindvik.

Rongved trur farten var låg, og seier alle hadde rette bildekk etter forholda.

– Alle har køyrt seint i dag, men det er glatt. Vi i brannvesenet har også køyrt sakte sjølv i dag.

Politiet har rutinemessig oppretta sak på hendinga.