Direktør for Norec, Jan Olav Baarøy, er tilsett som høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda (HVO).

Norec (tidlegare Fredskorpset) er eit nasjonalt kompetansesenter for internasjonalt samarbeid. Norec har hovedkontor i Førde, og er underlagt Utenriksdepartementet.

Baarøy sitt jobbskifte vert meldt av Høgskulen i Volda sjølv på sine nettsider, samstundes som Baarøy sjølv melde om jobbytet på Facebook fredag morgon.

Eksakt oppstartsdato i ny jobb er ikkje klar enno.

– Eg gler meg stort til å ta fatt på oppgåva i ein institusjon som spelar ei så viktig rolle for utdanning og utvikling på Vestlandet, skriv Baarøy.

Samstundes understrekar han at det er vemodig at tida i Norec går mot slutten.

Baarøy er 54 år, og flytta til Førde for direktørjobben i Norec i 2018. Han har lang og brei leiarerfaring innan blant anna strategi- og organisasjonsutvikling, digitalisering og internasjonalt samarbeid.

Firda kjem tilbake med meir.

Les også

Barna er fødd i fire land på tre kontinent. Etter kvart vart Førde heime