60 år med revy:

«E ska bli gift på mårgåskvesta» frå My Fair Lady (2002) fekk nytt liv.
Foto: Sunniva Øigård

Svarrabærje Teaterlag feirar i helga jubileet for den første oppsetjinga frå Surnadal BU i 1965. Etter seks tiår med revy er laget framleis i storform, og håpar på mange fleire!

Når ein fyller 60, må det sjølvsagt vere raud løpar.
Foto: Sunniva Øigård

Håkon Solem, i rolla som ordførar Hugo Pedersen, ønskte velkomen til framsyninga. Han minna på same tid publikum om å tisse i pausen og fylle på igjen, men ikkje for mykje! «Itj nå tollj».
Foto: Sunniva Øigård

Øyunn, Nils Inge og Eirik gav eit grundig tilbakeblikk på 60 år med revy.
Foto: Sunniva Øigård

Jubileumsrevyen «Storfemti» tok publikum med på ei reise gjennom teaterhistoria i Surnadal. Programmet er sett saman av både heilt ferske nummer og fleire gjensyn frå tidlegare oppsetjingar, nokre i ny drakt.

skuespillere på scene

Det var ikkje den store stemninga då laget Vårsøg samla seg til krisemøte.
Foto: Sunniva Øigård

Det har vore travle dagar for Surnadal Tourist Office den siste tida.
Foto: Sunniva Øigård

Svarrabærje har framleis med seg mange av dei som har gjort seg godt kjende på revyscena, i tillegg til fleire nye tilskot. Samla leverte dei humor av høg kvalitet.

skuespillere på scene

Dordi Skuggevik var ein av mange lokale skikkelsar som fekk gjennomgå.
Foto: Sunniva Øigård

Gledeleg gjensyn med Tove og Tove, der latteren sat laust både på og framfor scena.
Foto: Sunniva Øigård

Latteren sat laust i salen, og stemninga steig ytterlegare då enkelte av dei på scena sjølve måtte kjempe for å halde seg alvorlege.

Slektsforsking har blitt noko heilt anna enn det var før i tida.
Foto: Sunniva Øigård

Tore Svinvik presenterte lokale delikatessar på Svinvik gard.
Foto: Sunniva Øigård

Interessa for jubileumsrevyen har vore stor, og nær alle billettane til dei tre framsyningane er alt seld. Premieren er gjennomført, men det er framleis to sjansar att for dei som vil få med seg showet.

Ingrid Ranes, som spela Jenny Klinge, måtte finne seg ei ny plan etter at Stortingstida var forbi.
Foto: Sunniva Øigård

skuespillere på scene

Gøran Bolme og Nils Inge Aasgård hadde teke alle ønskje i betraktning da dei la fram det nye løysingsforslaget for Todalsfjordprosjektet.
Foto: Sunniva Øigård

Liv Jenny Husby Bredesen, Ann Iren Pettersen Dyri, Tonje Dahl Hjelkrem og Ragnhild Mogstad.
Foto: Sunniva Øigård

mann utkledd som engel

Lasse Løfaldli som engelen Gabriel.
Foto: Sunniva Øigård

Barception!
Foto: Sunniva Øigård

Tvilsam Kalla-måleri fann vegen til det nye hotellet.
Foto: Sunniva Øigård

Olav Mogstad: fødd med ski på beina.
Foto: Sunniva Øigård

ChatGPT kom med halvgode råd til blant anna Råg Aarnes, Svein Sæter, Live Krangnes Edvartsen og Anders Moe Sæter.
Foto: Sunniva Øigård

Foto: Sunniva Øigård

Foto: Sunniva Øigård

Foto: Sunniva Øigård

Revyen fekk eit ekstra løft med KIN dansekompani på scena.
Foto: Sunniva Øigård

Når ein har heimekontor, kan ein få gjort mykje.
Foto: Sunniva Øigård

Foto: Sunniva Øigård

Foto: Sunniva Øigård

Foto: Sunniva Øigård

Ståande applaus frå publikum!
Foto: Sunniva Øigård

Hugo Pedersen lova å sørgje for nytt materiale til neste revy.
Foto: Sunniva Øigård