Difor hastar det å få risikogrupper og dei over 65 år til å vaksinera seg, melder Kvinnherad kommune og FHI (Folkehelseinstituttet).
Dei oppmodar særleg desse to gruppene om å ta vaksinen no, og viser til at influensaen ser ut til å koma tidleg dette året.
– Dei som er i risikogruppene eller over 65 år, og ikkje rakk vaksinasjonsdagane i veke 43, bør kontakta helsesenteret for å få sett vaksinen så snart som mogleg. Dette er ei klar tilråding frå både FHI og meg, seier kommuneoverlege Glenn A. Opland, til kommunen sin nettstad.
– Me har mange vaksinar til overs. Alle som vil skal få, sluttar Opland.
Les også
Berga musikkterapeutstillinga: – Ikkje tvil om at tilbodet har gjort ein forskjell