Det kjem fram i ei undersøking gjort av Norstat for NRK.
Der seier seks av ti at NRK bør stemme nei til Israel si deltaking i Eurovision under møtet i Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) i desember.
– Påverka ikkje avgjerda
Underhaldingssjef Charlo Halvorsen er ikkje overraska.
– Eg hadde nok gjetta det aller meste her.
– Det er veldig interessant å sjå tala, men det påverkar ikkje avgjerda vår, seier Halvorsen til NRK.
Charlo Halvorsen er ikkje overraska over resultatet.
Foto: Benyamin Farnam / NRK
Undersøkinga vart sendt ut etter at USA si president, Donald Trump, kunngjorde at Israel og Hamas vart samde om den første delen av eit våpenkvileforslag.
I desember skal EBU-landa stemme over Israels deltaking.
Ute i gatene i Oslo er folk usamde om kva dei meiner.
Leva Zigure meiner vi bør la Israel få delta.
– Trass i krigen og trass i alle overgrepa, handlar ikkje dette om politikk, men om kultur og inkludering.
– Vi burde uansett samarbeide kulturelt, meiner Rise.
Leva Zigure og Laima Rise er ueinige i sine meininga.
Foto: Tuva Marie Sørum / NRK
Laima Rise er ueinig med Zigure.
– Eg meiner dei ikkje bør få delta.
Det er Gunnar Ervik Johnsen samd i.
Gunnar Ervik Johnsen meiner ikkje Israel skal få delta.
Foto: Tuva Marie Sørum / NRK
– Vi bør stemme nei. Vi kan ikkje normalisere det som skjer i Palestina, i Gaza.
Fire av ti seier at NRK bør bli med i konkurransen dersom Israel får vere med.
Ervik Johnsen er ikkje einig i det, og vil at NRK skal boikotte Eurovision dersom Israel får delta.
– Det ville vore eit tydeleg signal om at dette er noko vi tek klar avstand frå.
– Overraskande resultat
Jørn Hoel har vore med i MGP. Han synast tala er overraskande.
– Eg trudde det skulle vere fleire som sa nei til Israel.
– Eg kunne ynskje det var så mange som stemde nei at det vart flaut for NRK om dei deltek.
Jørn Hoel har sjølv også demonstrert mot Israel i Eurovision Song Contest.
Foto: Javad Parsa / NTB
– Vi ser alle desse bileta på nyheitene av folk og barn som døyr, og så står dei sekundet etterpå på Eurovision og hoppar og dansar. Det er ikkje rett.
Kim Wigaard har også delteke i MGP fleire gonger. Han synest òg at Israel bør stengjast ute.
Kim Wigaard har sjølv deltatt på MGP fleire gonger.
Foto: Christian Ziegler Remme / NRK
Han er ikkje overraska over at seks av ti meiner Israel bør utestengjast frå Eurovision.
– Det bør vere eit nei frå NRK. Eg er glad for at mange er einige med meg i det.
Han er usikker på om han ville ha vore med i MGP dersom Israel skulle delta.
– Det legg eit ekstra trykk over heile situasjonen.
Wigaard meiner at ein eigentleg skal kunne skilje mellom kunst og politikk.
– Men ikkje no. Dette er for stort. Det har gått for langt.
Kva meiner du NRK bør stemme?
Ja til Israel i Eurovision
Nei til Israel i Eurovision
Vet ikkje
Vis resultat
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet.
Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener,
og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Publisert
03.11.2025, kl. 12.56
Oppdatert
03.11.2025, kl. 13.30