Politiadvokat Arnt-Erik Oust i Møre og Romsdal politidistrikt har fått den spesielle jakthistoria i Vanylven på bordet.
Han opplyser at politiet fekk informasjon om hendinga 23. oktober og oppretta sak på forholdet.
– Vidare etterforsking vil kartlegge kva som skjedde, korleis det skjedde og når det skjedde, uttaler Oust gjennom kommunikasjonsstaben i politiet.
Vidare held han fram at når desse forholda er belyst, vil politiet sjå på korleis det passar med vilkåra i lova for eventuell straff/reaksjon.