I eit innlegg på NRK Ytring om Airbnb viser kommunal og distriktsminister Kjersti Stenseng (Ap) manglande forståelse for korleis verkelegheita ser ut. Ute i landet, i Tromsø, i Lofoten og andre byar opplever folk no kor stort problemet med korttidsutleige faktisk er.

Stenseng bruker som eit poeng at styra i burettslag og sameiger kan begrense retten til korttidsutleige. Utfordringa med dette er at i svært mange burettslag og sameiger ikkje fungerer.

Det er fleire grunnar til det. Nokre gonger vil det vere så mange som driv korttidsutleige at dei som bur fast der ikkje vil få gjennomslag i styret eller på generalforsamling til innskrenkingar. Dersom marknaden var tilstrekkeleg regulert, hadde ikkje veksten på Airbnb vore så ekstrem.

Det er og openbart at når hus og leilegheiter blir kjøpt opp for å brukast til korttidsutleige, så aukar prisane for alle andre.

Les også

Tromsø kan vokse mer.
Og den bør vokse mer

Det er ikkje turistane som tek ut søpla i blokka, som arrangerer dugnad og pyntar til jul, eller som arrangerer noko sosialt for nabolaget. Fastbuande fortel om meir uro blant dei attverande naboane, fordi ein aldri veit om naboen i kveld er eit hyggeleg par, eller ein høglydt gjeng som vil feste heile natta. Foreldre kjenner ubehag over at ungane er åleine heime etter skulen, når dei ikkje veit kven eller kva som møter dei i oppgangen.

Stenseng misforstår og kva myndigheit kommunane har, og ikkje minst kva kapasitet dei har til å bruke denne myndigheita. Ja, kommunen kan prinsipielt seie at omfattande korttidsutleige som liknar på hotellverksemd kan du ikkje drive med i eit område som er regulert til bustad.

Les også

Det er stemmer å hente i leiemarkedet

Problemet er at det er ein svært vanskeleg bevissituasjon for ein kommune som vil ta affære. Skal kommunen tilsette ein person til å intervjue alle som kjem inn og ut av eit hus for å kartlegge omfanget? Og er det kommunane som skal ta risikoen når det er uavklart kva som juridisk skal reknast som «omfattande»?

Så er det viktig å seie at fast at det er heilt greitt å leige ut den bustaden du sjølv bur i, anten når du sjølv er bortreist eller om du har eit ledig rom. Det vil nok og i dei fleste tilfelle vere heilt greitt å leige ut hytta når du ikkje bruker ho sjølv.

Dette er løysingane vi treng:

  • Pålegge plattformselskapa å rapportere til kommunen om døgnutleige på kvar eining og prisen som blir betalt. Rapporteringa bør vere minst halvårleg og gjerne oftare.
  • Gi kommunane høve til å fastsetje reglar for kor mange døgn korttidsutleige skal vere lovleg, anten for heile kommunen eller delar av kommunen, og for ulike typar bustader.
  • Gi kommunane rett til å påleggje gebyr ved brot på reglane. Gebyret må stå i forhold til inntekta på utleiga og vere avskrekkande.

Problemet er blitt for stort til at Aps vanlege løysning, å sette ned eit nettverk og vente, fungerer. Vi trenger politisk vilje til å ta tak i bustadskrisa folk opplev.

Les også

– Prisene er helt syke