Klokka 07.03 tysdag morgon melder politiet at naudetatane er på veg til ei trafikkulykke i Stryn.
Ulykka skal ha skjedd på Oldedalsvegen. Sjåføren, ein mann i 50-åra, var åleine i bilen, og framstår som uskadd.
Ifølge operasjonssentralen er det snakk om ei singelulykke der bilen har hamna utfor vegen og står delvis i vatn.
Klokka 09.14 seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord at bilen er henta av bilbergar, og at naudetatane har avslutta arbeidet på staden. Det er ikkje mistanke om ruspåverknad, og politiet opprettar ikkje sak, då hendinga blir sett på som eit uhell.