«Kven då?» kan vere eit freistande spørsmål å stille når det kjem til Iris Caltwait.
Men, altpop-artisten frå Bergen har, sidan ho i 2019 blei «Årets Urørt», vore ein artist som stadig fleire har set søkelyset på.
Debutalbumet «Love and Other Disasters» frå 2021, då under artistnamnet «Iris», hausta gode tilbakemeldingar. Deretter har ho vorte strøymt over 50 millionar gonger og har blitt handplukka av Spotify som ein yndling innan altpop-sjangeren fleire gonger.
Foto: Bertine Monsen, promo
Vilde Iris Hartveit Kolltveit, som ho eigentleg heiter, er med andre ord ikkje ein amatør når det kjem til musikk.
Med fire år sidan sist ho slapp album og med eit skifte av artistnamn er forventningane mange, og store.
Maksimalisme på full guffe
«Again, For the First Time» er eit album der ingenting er overlate til tilfeldigheitene. Det er heller inga kjensle om at noko er slengt på for å gjere musikken meir kunstnarisk enn han faktisk er.
Frå opningslåta «I Remember» blir lyttaren teken med på eit musikkprosjekt som like så godt kunne ha vore eit storslege teaterstykke.
Caltwait si innbydande og hypnotiserande stemme speler hovudrolla, men det betyr ikkje at det instrumentale på noko som helst måte blir overskygd.
Foto: Sara Westergaard Karlsen, promo
I dei 16 låtane på albumet er elektronisk og akustisk produksjon saumlaust blanda saman til eit lydbilete der ein opplever elles elegante instrument som harpe og strykeinstrument like grandiose som synthar og keyboard.
Samtidig er ikkje «Again, For the First Time» eit album med éin definitiv lyd: Ein får klassisk popmusikk å danse til, ein får introspektiv låtskriving som riv i hjartet og ein får episk orkestermusikk – blant anna.
På låta «Honey, Baby» blir ein nokså kraftig tatt på senga då elektrisk gitar og hardtslåande trommespel blir kasta inn i miksen. Alt har ei meining og det er openbert at Caltwait godt veit korleis ho skal formidle ho.
Står på skuldrene til gigantar
Å påstå at Iris Caltwait har henta inspirasjon frå fleire artistar innanfor same sjanger er mildt sagt ei underdriving.
Likevel er ikkje «Again, For the First Time» eit album som berre stel frå andre artistar. Det er djupt og personleg, og i ein musikalsk stil ein ikkje har høyrt innanfor norsk popmusikk tidlegare.
Sjølve musikken dreg kjensler mot Caroline Polachek og Oklou. Tekstmessig finn ein noko mystisk, som hos Florence Welch, men også forfriskande ærleg som hos Lilly Allen.
Når det kjem til korleis Caltwait syng, er det litt krevjande, men likevel givande å bli vand med. Det dreg positive kjensler mot Mica Tenenbaum frå Magdalena Bay og legendariske Imogen Heap.
Dette, i tillegg til at det ikkje er ei einaste dårleg låt på albumet, gjer at «Again, For the First Time» er like interessant ved lytt nummer ti som ved første lytt.
Det er alltid noko nytt å hente ut eller oppdage.
Reprise ein ikkje blir lei av
Det artigaste ved «Again, For the First Time» er at albumet held seg like godt som bakgrunnsmusikk som noko ein aktivt lyttar til.
Meir klassiske poplåtar som «Spring Rush» og «Alchemy» fungerer like godt på dansegolvet som i headsettet på grunn av deira typiske pop-«sound».
Foto: Bertine Monsen, promo
Samtidig ville truleg ingen ha reagert negativt om ein sette på «I’m In the Corner, Alone» på fest, trass i ein pessimistisk tematikk.
Med mangfaldig produksjon, intrikat og tvitydig tekstskriving, interessant stemmebruk og nydeleg vokal er «Again, For the First Time» eit album som ein vil spele av gong etter gong og som ein kan danse, gråte eller tenke til – eller alt samstundes.
Om albumet
Tittel: «Again, for the first time»
Artist: Iris Caltwait
Utgitt av: Sounds Like Gold
Sjanger: Pop
Utgivingsdato: 7. november 2025
Lengde: 45 minutter
Sporliste:
- «…har du problemer?»
- «i remember»
- «i’m in the corner, alone»
- «honey, baby»
- «these are hard times (Say the Words!)»
- «PINHOLE»
- «Serpentine»
- «this is the place.»
- «THROW ALL THAT LOVE AWAY»
- «put me in the backseat (red wet paint) »
- «Dragonfly»
- «it’s you it’s you it’s you it’s you»
- «rodeo»
- «Spring Rush (a hot platonic subatomic crush) »
- «shaky»
- «Alchemy (Living Is Not For The Heart)»
Publisert
06.11.2025, kl. 16.04
Oppdatert
06.11.2025, kl. 16.05