Fredag kveld melder Vest politidistrikt om at ein bil har køyrt i fjellveggen og ligg på sida i Måbødalen.

– To personar er involverte og har sjølve kome seg ut av bilen, skriv operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Jostein Steinsland-Hauge.

Ulykka skal ha skjedd mellom Storegjeltunnelen og Dalbergtunnelen som er dei to øvste tunnelane i Måbødalen.

Som ei følgje av ulukka vart riksveg 7 stengd i Måbødalen, og først klokka 20.30 kom det melding om at vegen er open att.

Dei involverte vert sagt å vera uskadde.