Det var duka til lokalderby i siste serierunde på Høddvoll stadion laurdag kveld. Aalesund spelte hardt frå start, med direkteopprykk i Eliteserien i sikte.

Slik gjekk det ikkje.

Kampen enda uavgjort mellom sunnmørslaga. Aalesund enda med same plassering på tabellen som før kampstart, 4. plass.

– Det er litt for mange slike kampar i år, at vi spelar uavgjort i staden for å vinne, sa ein skuffa Kjetil Rekdal etter kampen.

En gruppe menn på et jorde

Laber stemning blant Aalesund-spelarane som no må i kvalifiseringskamp, om dei skal nå draumen om Eliteserien.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Høgdramatisk

Det var mykje som stod på spel for spelarane i oransje. Hamna dei på andreplass på tabellen etter kampen ville det bety direkteopprykk.

Aalesund gjekk hardt ut frå start. Men heimelaget forsvarte seg godt.

en fotballspiller som stuper etter en ball

Ein kjempesjanse for Aalesund. Heller ikkje denne gjekk i nettet.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Begge laga hadde fleire gode sjansar for mål, men ingen gjekk heile vegen.

– Vi er det beste laget i andreomgang, men vi får ikkje ballen over streken. Det er eit surt uavgjort resultat for oss, seier Rekdal.

Opprykksdraumen lever framleis for AaFK, som no må ut i kvalik.

en mann med et kamera på skulderen

Hovudtrenar for Aalesund, Kjetil Rekdal.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Publikumsrekord

Det førre oppgjeret mellom sunnmørslaga stod 16. mai. Då var det nesten fulle tribunar på Color Line stadion.

På dagens lokalderby møtte 3475 opp. Det er ny publikumsrekord på Høddvoll.

– Det var kult i dag. Vi er ikkje bortskjemt med det i OBOS-ligaen. Det var masse støtte frå dei oransje, seier Aalesundkeeper Sten Grytebust.

Det var kraft i supporterane under kampen. Fansa til begge lag baud på song og kamprop.

– Det er hovudgrunnen til at eg ikkje vil at AaFK skal rykke opp, for dette vil eg ha igjen. Fullsett stadion, derby, nydeleg, sa høddsupporter Annett Wingsternes til NRK før kampen.

Ho lova at dei skulle gjere alt dei kunne for å knuse gjestane sin opprykksdraum.

en mengde mennesker som holder flagg

Det var god trykk på supporter tribunen til AaFK.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Må i kvalifiseringskamp

Kvalifiseringskampen blir om tre veker. Kven det blir mot er ikkje bestemt enda. Det kjem an på kven som vinn mot Egersund og Ranheim.

– Vi er ikkje klare no, men om 18 dagar skal vi vere klare, seier keeper Grytebust.

Kven han ønsker å møte vil han ikkje røpe.

Han legg ikkje skjul på at stemninga i garderoben var nedstemt etter kampen.

– Vi hadde håpt på tre poeng, og ei best mogleg plassering. Vi skulle helst ha vunne, seier Grytebust.

Sten Grytebust i sportsuniform

Aafk-keeper Sten Grytebust.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Siste kamp som trenar

Betre stemning var det blant heimelaget i blått. Det viser at vi har noko her å gjere, sa ein fornøgd Hødd-trenar etter kampen.

– Eg er stolt av spelarane. Vi held nullen i dag. Så er eg ekstremt nøgd med den atmosfæren og trøkken det var frå publikum. Det var ei bra avslutning, seier Marius Lenni Bøe.

Kampen markerte slutten for Bøe som trenar for sunnmørsklubben. Bøe seier det er vemodig å ta avskjed.

– Det har vore to fantastiske år. Eg har blitt veldig glad i Ulsteinvik og folk her. Alt har sin tid. No er det andre som treng meg heime, seier Bøe.

Fottballtrener i en svart jakke

Hødd-trenar Marius Lenni Bøe markerte slutten på trenaropphaldet for klubben.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Publisert

08.11.2025, kl. 18.15

Oppdatert

08.11.2025, kl. 18.52