– Det er fattern sin skyld. Han hadde nesten alltid 60-talsmusikk på platespelaren. Eg vaks opp med The Beatles på høgtalarane, fortel Ola Lingås (50) i Ørsta.

Allereie i åtte-ni års alderen var vesle Ola så miljøskadd at han sende inn eit plateønske til NRK Møre og Romsdal der han bad om å få høyre dei to Beatles-låtane «Love me do» og «She loves You».


Autografen til John Lennon, som vart skoten i 1980.
Foto: Terje EngåsRadioen står på

Vi har akkurat sett oss ned i stova i Ørsta. I bakgrunnen står det på ein radio. Svakt. Den forstyrrar oss ikkje. Nyheitene er snart ferdige. Og kva skjer då? Tilfeldig eller ikkje?

Dei spelar Beatles. «A Hard Day`s Night». Kanskje ikkje så oppsiktsvekkande, for det viser seg etter to minutt og 34 sekund at programleiar er Bård Ose, ein stor fan av Liverpool-bandet, og forfattar av ei bok nettopp om The Beatles. Eit eksemplar av boka ligg på stovebordet framføre oss, med personleg helsing frå Bård Ose. Til Ola Lingås.

Når ein er skikkeleg hekta på noko, blir det oftast også ei samling. Ola Lingås har sin del, av slikt som LP-plater, CD-ar, bøker, blad, filmar, puslespel, bilete, gateskilt, Beatles-musematte, autografar – og ikkje minst opplevingar.


Dette biletet har Paul McCartney signert. Det følgjer med ein garanti på at autografen er ekte.
Foto: Terje EngåsPaul live

– Eg har vore to gonger på konsert med Paul McCartney – i 1994 og 2004. Det er han eg har følgd mest frå eg var liten.

Då Ola vart 40 år, stod eit besøk til Liverpool på programmet, sjølvsagt med overnatting på Hard Day´s Night Hotel. Det vart også guida Beatles-rundtur i byen ved Merceyside, med innlagt besøk så vel ved grava til Elanor Rigby – kvinna som Beatles syng om – til klubben The Cavern som var staden der bandet slo igjennom.

– Eg har også vore på fotballkamp i Liverpool. Det er der eg har favorittklubben min, sjølvsagt.

– Liverpool FC, då? Dei raude?

– Nei, dei blå er mitt lag. Det var eit naturleg val etter at eg fekk vite at Paul McCartney var Everton-fan.


Ola Lingås har sjølv pusla saman dette Beatles-puslespelet.
Foto: Terje EngåsThe Cavern

På første halvdel av 1960-talet kunne pent pynta unge menn i Liverpool først gå på fotballkamp, og deretter stramme slipsknuten for så å høyre på The Beatles nede på The Cavern. Der var det alltid jenter, også.

– Dei var heldige som fekk oppleve den første Beatles-tida i Liverpool, seier Ola.

Han har forresten også vore på Beatles-oppdagingsferd i London.

– Eg kjende at eg fekk gåsehud då eg gjekk over fotgjengarfeltet i Abbey Road. Det ein ser på platecoveret, der dei fire går over.


Eit Beatles-monospel høyrer sjølvsagt med i samlinga.
Foto: Terje EngåsPaul i live

På biletet går Paul berrføtt, som av fleire vart tolka som eit signal om at han var død. Det var sjølvsagt berre tull, slår Ola fast.

– Kvifor la dei opp som band? Dei fire var jo ikkje fylt 30 år?

– Eg trur dei hadde gått lei av kvarandre. At dei var leie av The Beatles. Dei ville gå kvar sine vegar.

Og det gjorde dei også, sjølv om John Lennon si karriere vart kort. Han vart skoten og drepen allereie i 1980. 21 år seinare døydde også George Harrison – av sjukdom. Så no er det berre Paul og Ringo att.

Ola føler at den som aller mest har vidareført Beatles-sounden er Paul McCartney.


Kunnskap om favorittbandet sitt skaffar Ola seg mellom anna frå ulike blad.
Foto: Terje Engås«Help» til husarbeid

– Når høyrer du på Beatles?

– Gjerne når eg skal kose meg og kople heilt av. Dessutan høver Beatles godt til å ha på øyra når eg gjer husarbeid.

Ola er gift med Annike Øye Lingås. Vigselen fann stad i Ørsta kyrkje. Så vi undrar sjølvsagt på musikkvalet i kyrkja den gongen i 2004.

– Var det Beatles?

– Nei, det var noko tradisjonelt. Det vanlege.


Bård Ose har skrive bok om The Beatles, og Ola Lingås har sikra seg eit signert eksemplar.
Foto: Terje EngåsIngen «help» i kyrkja

– Så organisten spelte ikkje «Help»?

– Nei, ha ha. Men det skulle han kanskje ha gjort. For eg var svært nervøs. Så det hadde vore ein god idé. Men på bryllaupsfesten etterpå vart det ein god del Beatles. Bård Lødemel stod for musikken og visste kva eg likte.

– Og forresten, hadde det ikkje vore for Anikke, så hadde det aldri blitt nokon Liverpool-tur. Ho er dyktig i engelsk og ordna alt. Også er ho tolmodig. Du må ta med det, spelar Ola inn.

Men noko instrument spelar han derimot ikkje.

– Nei, eg har ikkje greie på notar og tonar, så eg nøyer meg med å høyre på at andre spelar.


Ei plastkasse full av Beatles-filmar.
Foto: Terje Engås«Revolver»

På stovebordet ligg ein bunke med LP-plater som The Beatles har gjeve ut. Vi spør Ola om kva som er favorittplata:

– Å, det var eit vanskeleg spørsmål, svarer han – og må ha ei tenkepause.

– Eg trur eg svarar «Revolver». Men «Rubber Soul» er også utruleg fin. Nei, dette var eit vanskeleg spørsmål, seier han ein gong til – og så ramsar opp endå fleire Beatles-plater.


Pete Best var trommeslagaren som vart kasta ut av The Beatles allereie i 1962, året før dei verkeleg slo igjennom. Pete Best lever framleis.
Foto: Terje Engås«For no one»

– Favorittlåt, då? Er det like vanskeleg?

– Eg tenkte du kom til å spørje om akkurat det. Så det har eg førebudd meg litt på, og bestemt meg for å svare «For no one». Det er ein utruleg fin låt, skriven av Paul McCartney. Du finn han på «Revolver»-plata frå 1966.

– Kvar får du tak i alle platene og anna knytt til The Beatles som du har i samlinga di?

– Eg følgjer med på nettet, på auksjonar – men prisnivået på mykje av det eg kunne ha tenkt meg ligg langt over det eg er i stand til å betale.

– Høyrer du forresten berre på Beatles?

– Nei, slett ikkje. Eg høyrer også på anna musikk, men aller helst på musikk frå 1960- og 70-talet. Der er det mykje bra.


Miniatyrutgåve av eit gateskilt. Ola har eit mykje større på husveggen. Abbey Road er namnet på gata der platestudioet deira låg i London og også namnet på ei av platene.
Foto: Terje Engås«Rain»

Ola jobbar på Grøvik Verk i Ørsta, bedrifta som lagar takrenner. På jobb har han ofte på øyreklokker med radio. På den måten får han med seg mykje musikk også på jobb.

– Når dei spelar Beatles på radioen nyttar det ikkje for kollegaene mine å snakke til meg. Då må eg først høyre ferdig låten, seier Ola Lingås med eit smil.


Autografen til gitaristen George Harrison, som døydde i 2001.
Foto: Terje Engås
Ola Lingås med autograf og bilete av Ringo Starr, trommeslagaren The Beatles.
Foto: Terje Engås