La meg ropa høgt, la meg få visa mi tru, og la meg få lov til å ytra mi meining utover heile Noreg!

Me er heldige som lever i eit demokratisk samfunn som Noreg, der trusfridom og ytringsfridom blir hegna om og verna av samfunnet.

Difor likar me å påstå at me lever i verdas mest ope og tolerante land, der alle har ei røyst og der du skal få lov å bruke ho. Likevel er det fleire som teier enn før, den smale røysta får større plass, og meiningsmangfaldet er på veg til kollapse.

Samfunnsdebatten i dag kan stundom verke som om ho alt er diskutert ferdig, på bakrommet. For i vår tid må alle meine det same elles må du teie, for din meining er med å polarisere samfunnet.

Dette står i sterk kontrast til formålet i opplæringa til elevane, som seier: «Opplæringa skal gi innsikt i kulturelt mangfald og vise respekt for den enkelte si overtyding. Ho skal fremje demokrati, likestilling og vitskapleg tenkjemåte.» (Opplæringslova §1-3).

For målet er at elevane skal kunne tileigne seg kunnskap og erfaringar, slik at dei aktivt kan delta og ytra seg i samfunnsdebatten med eigne overtydingar og meiningar. I staden møter ein eit samfunn der det berre er plass til ei smal og høglytt røyst, som helst skal vere lik naboen, kollegaen eller den media legg fram?

Men er du ein av dei vågale, som meiner som meg at: «livet startar ved omfamninga i mors mage», «Israel har rett til å eksistere», eller at «alkohol skal ikkje skjenkast i tidsrom barn og unge har aktivitet i kommunehuset», då ville media mest sannsynleg slått alarm, og som presidenten i det kvite hus, trykka på den raude knappen og starta opp jakta.

Les også

Nytt kulturhus: Bør det vera lov å skjenka alkohol uansett kva som går føre seg eller bør omsynet til barn og unge vege tyngst?

Sjølvsagt er det allereie oppretta ein norm av ei smal høglytt røyst for desse tema, så andre røyster som din og min skal teie. Men nettopp meiningsmangfaldet er eit grunnleggjande prinsipp i demokratiet. Difor treng ein fleire røystar, og helst høglytte røystar, som vågar å meine noko og stå støtt i meiningane sine.

Les også

Me kan ikkje la oss dempe av urealistiske og pietistiske forslag frå det ny-konservative KrF

Aldri før har så mange unge vore så tydlege og bevisste på verdiane sine som no. For er det ein ting den siste tida har vist, er at det er på tide å ta ein debatt rundt kor avgjerande ytringsfridommen er for demokratiet, og for Noreg.

Me må tole meiningsmangfaldet, for utan usemje, ingen framsteg, og utan ytringsfridom, er eit fallande demokrati på randa. Så la oss ropa høgt, la oss visa vår tru, og la oss få lov å ytra vår meining utover heile Noreg!

Les også

Er hus for alle – også de voksne