Nokre gonger er det like greitt å innsjå at andre formulerer det betre enn meg.

Difor, i eit forsøk på å summera opp karrieren til Per-Egil Flo, viser eg til det hans tidlegare lagkamerat og trenar Rune Bolseth skreiv på Facebook i helga:

«Du har hatt ein fantastisk karriere, Per-Egil! Takk for alt du har gjeve klubben gjennom alle desse åra. På alle måtar ein flott ambassadør for klubben. Jordnær, hardtarbeidande og alltid med eit beskjedent smil rundt munnen. Ein av dei mest profesjonelle spelarane eg har spelt med og vore trenar for. Alltid 100 prosent for lagets beste og ein rollemodell med tanke på å vera til stades på feltet og det å leggja ned den harde jobben. Ein stødig kar som deg får det nok bra framover og skal du sjå. Vel blåst».

Meir presist kan det vel ikkje seiast?

Nokre fakta: 310 obligatoriske kampar for Sogndal. 400 inkludert treningskampar. Scoring mot Fredrikstad i kampen som sikra opprykk i 2010. Serie- og cupgull med Molde. Serie- og cupgull med Slavia Praha. Opprykk med Lausanne. Fem A-landskampar.

Og: Truleg eitt av dei viktigaste individuelle bidraga i klubbens historie. Eg brukar store ord no, men utan Per-Egil Flo kunne faktisk eventyret om Sogndal Fotball vore over.

Eit nedrykk i fjor ville fort knekt ryggen på klubben. Økonomisk, sportsleg og omdømemessig. Sogndal på nivå tre er noko heilt anna enn Sogndal i OBOS-ligaen.

Laget var berre tre poeng frå å hamna på kvalik, og fem poeng frå direkte nedrykk. Per-Egil var så god i 2024, at eg trur dette ville gått gale utan hans kvalitet og stødige ro ute på bana.

Den mållause bortekampen mot Mjøndalen 21. oktober blir aldri hugsa som ein klassikar. Men den er éin av dei mest avgjerande kampane Sogndal har spelt i nyare tid. Tap der, og avgrunnen kunne opna seg.

Utan Flo kunne det gått skikkeleg gale med Sogndal i fjor, meiner Endre Romøren.
Foto: Christian Blom

Dette visste spelarane, og det var tydeleg at mange var prega av stundas alvor på Consto Arena. Den som spreidde tryggleik til lagkameratane sine var ein vaksen midtstoppar frå Stryn, og dermed blei det katastrofale unngått.

Om du er ein ung og lovande fotballspelar i dag, bør du ta etter læreboka til denne karen.

Korleis å alltid jaga utvikling, uansett om du er 16 eller 36 år. Korleis å vera seriøs og ambisiøs på eigne vegner, utan å gløyma det kollektive. Korleis å endra og utvikla eigenskapar etter alder og posisjon.

Les også

No byrjar neste del av livet for Per-Egil og Hedda: – Det blir nok emosjonelt

I størsteparten av karrieren handla det om å ha ein evigvarande motor kombinert med ein god innleggsfot som venstreback. Når skadar og alder byrja å gjera seg gjeldande, bygde han om kroppen til å bli midtstoppar. Klokskap og rutine frå ein lang karriere blei ein del av pakken, totalen gjorde at det ikkje var mange betre i hans posisjon på nest øvste nivå i norsk fotball dei siste åra.

Dessutan, som Bolseth er inne på, er det vel lov å hevda at han rett og slett er ein veldig bra fyr?

Per-Egil er fin i kleda, det skal seiast, men han er sjeldan upretensiøs. Eg har kjend han sidan 2008, men aldri høyrt at han har snakka seg sjølv opp. Lojaliteten mot Sogndal og trenarane sine har vore total, same kor tungt det har vore ute på bana.

Flo omtalar Torbjørn Glomnes som den viktigaste trenaren han har hatt. Dei to fekk ein prat med kvarandre etter kampslutt mot Ranheim.
Foto: Christian Blom

Trening, fotball og kvardagen heime med Hedda, Filippa, Saga og Vilja er det som har betydd noko.

Solide og jordnære verdiar.

Dette blir vel ikkje meir tydeleg enn ved at han frå nyttår byrjar «nedst» i arbeidslivet, som lærling i tømrarfaget. Her er det ingen forventningar om at ei 20 år lang karriere i toppfotballen skal gjera han fortent til nokre snarvegar.

Han vil gradvis jobba seg opp, akkurat slik han gjorde då han kom til Sogn som ein 16 år ung fotballspelar i 2005.

Les også

Hedda og jentene er det viktigaste laget til Per-Egil – som snart må spikra ein ny plan for livet

Det er fleire gode representantar for Sogndal Fotball enn Flo som snart takkar for seg på Fosshaugane Campus.

Terje Teigen er inne i sine siste veker som sals- og marknadsansvarleg, etter sju år i jobben. Sjå på kalenderen, og tenk litt på det.

2018 til 2025. Det er ikkje akkurat dei lystigaste åra i klubbens historie, utanom junior-oppturen i 2018 og den nesten-eventyrlege 2020-sesongen.

Utanom det, trass nokre kjekke lommer med oppturar, har dette vore tøft.

Resultata har svikta, forholdet mellom klubb og bygd har vore svingande, og det har blitt stilt spørsmål ved dei strategiske vala som er tekne undervegs.

Midt i denne jungelen av nedturar, meiningar, kritikk og negativitet har Teigen stått med ansvaret for å henta pengar frå klubbens mange sponsorar.

Terje Teigen har oftast sett slik ut når klubbens sponsorar har treft på han. No takkar han snart for seg på Fosshaugane.
Foto: Endre Romøren

Legg til at dette dei siste åra har blitt gjort i dyrtida, og som del av ein administrasjon som ikkje akkurat er overbefolka. Då seier det seg sjølv at det har vore utfordrande.

Men med ein ukueleg optimisme, «drive» og positivitet har han likevel levert på eit nivå det er vanskeleg å fatta for utanforståande.

Eg trur det har kosta. Eg kjenner sjølv på korleis det er å konstant bli identifisert gjennom jobben. Det må ha vore gonger hundre for Teigen sin del.

Likevel har han stått på, smilt, jobba og levert. For nokre veker sidan var eg med sonen min på Kiwi Bama Cup i Sognehallen. Du kan jo gjetta kven som køyrde 12-timarsøkt på dugnad for arbeidsgjevaren sin.

Kristian Ask fortener ein blome, òg. Han har vore kortare i klubben enn Flo og Teigen, men sett tydelege spor etter seg som sportsleg leiar for breiddefotballen.

Eg kan ikkje tenkja meg mange andre jobbar der ein må meistra ein slik miks av organisatoriske og menneskelege eigenskapar. Breiddeavdelinga i klubben er stor. Det er mange foreldre, trenarar og born. Ulike personlegdommar, behov, krav, forventningar og ambisjonsnivå.

Ask har, slik eg opplever det, navigert dette komplekse landskapet på ein ryddig, roleg og empatisk måte. Det trur eg ikkje er enkelt, men han har lukkast med det.

Kristian Ask har styrt breidden i Sogndal Fotball dei siste åra. Frå nyttår går han over til ny jobb i fotballkretsen.
Foto: Endre Romøren

Tidlegare i haust sende eg melding til han i 20-tida ein tysdag, i samband med at me mangla noko utstyr på G6-økta tidlegare same dag. Eg tok meg kjapt i å angra på at eg plaga ein familiefar-kollega på denne tida av døgnet, og bad om orsaking.

Svaret frå Ask? Han takka for tilbakemeldinga, sa at han skulle ordna det, og at det berre var å ta kontakt når som helst om det var noko.

Dette er tre personar som har levert til terningkast seks når det gjeld å representera klubbens verdiar.

Ambisiøse, utviklande, inkluderande, ærlege.

Det er freistande å kåra dei tre overgangsvinnarane i vinter allereie no: Nordbohus Sogn, Pyramiden Kjøpesenter og NFF Sogn og Fjordane.

Difor har Sogndal Fotball ein stor jobb framfor seg. Dei skal ikkje berre erstatta midtstopparen Flo, marknadssjefen Teigen og breiddefotballsjefen Ask.

Dei skal erstatta menneska og personane Per-Egil, Terje og Kristian.

Det handlar om omdøme, og der bør ikkje klubben bomma no.