Saka oppsummert
• Arkeologar frå Universitetsmuseet i Bergen har oppdaga eit 1500 år gamalt massefangstanlegg for reinsdyr på Aurlandsfjellet.
• Anlegget, som er særs godt bevart, består av trestokkar og gjerde som leia reinsdyra inn i ein bås kor dei vart avliva.
• Funna inkluderer også tregjenstandar, gevir og andre reiskapar som gir innsikt i fangstmetodane frå eldre jernalder.
• Anlegget vart gøymd i isen grunna ein kuldeperiode for 1500 år sida, men kjem no til syne på grunn av klimaendringar.
• Fleire arkeologiske funn frå isbrear og fonner har blitt gjort dei siste åra, noko som gir verdifull innsikt.
• Forskarane har avgrensa med tid til å finne gjenstandane før dei blir øydelagde som følge av issmelting.
Oppsummeringa er laga av ein KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar før publisering.
Denne hausten har arkeologar frå Universitetsmuseet i Bergen oppdaga eit 1500 år gamalt massefangstanlegg for reinsdyr på Aurlandsfjellet.
Det kan gi heilt ny kunnskap om korleis folk levde og jakta tilbake på 500-talet.
– Det manglar heilt sidestykke. Det er noko vi ikkje har funne før. Det har ein bevaringsgrad som vi ikkje er vande til, seier forskar og arkeolog Leif Inge Åstveit.
Alle trestokkane på botnen av isfonna er ein del av eit større anlegg som fanga villrein for 1500 år sidan.
Foto: Thomas Bruen Olsen / Universitetsmusset, UiB
I og rundt ei isfonn 1400 meter over havet er det funne mange hundre tilhogde trestokkar som er restar etter et stort fangstanlegg.
Konstruksjonen til den mest intakte delen av anlegget består av to gjerde av trestaur.
Desse har ført reinsdyra inn i ein bås i bygget av massive trestokkar, kor dei har blitt avliva.
Anlegga var konstruert for å lokke til seg fleire villrein om gongen.
Foto: Universitetsmuseet i Bergen, UiB
Jern og spyd
Omkring anlegget er det også funne ei rekke andre godt bevarte gjenstandar, som kan gi fleire svar om korleis fangsten skjedde.
Mellom anna eit stort tal tregjenstandar som er tilarbeida, i tillegg til masse gevir frå villrein.
Det er førebels usikkert kva funksjon desse tregjenstandane har hatt, men forskarane trur det er reiskap som er brukt i samband med fangsten.
←
Spyd var ein viktig del av jakta.
Foto: Leif Inge Åstveit / Universitetsmuseet, UiB
Gevir frå villrein er godt bevart i isen i rundt 1500 år
Foto: Thomas Bruen Olsen / Universitetsmuseet, UiB.
I enkelte av tregjenstande er det avanserte mønster.
Foto: Thomas Bruen Olsen / Universitetsmuseet, UiB
Ei tynn nål var eit av funna frå isen.
Foto: Thomas Bruen Olsen / Universitetsmuseet i Bergen, UiB
→
Dette er slutten på den eldre jernalderen (500 f.Kr. – 550 e.Kr.), ei tid med veksande og meir organiserte samfunn.
Funnet er ikkje berre unikt i Noreg, men også i europeisk samanheng.
– Funnet opnar opp for heilt nye tolkingar og forståing av korleis desse anlegga har fungert i praksis. Det gir også eit innblikk i kva betydning reinfangsten kan ha hatt i ein større samfunnsmessig samanheng i eldre jernalder, seier Åstveit.
Forskaren viser til at på denne tida sit det masse rikfolk rundt om i fjordbygdene på Vestlandet, til dømes i Aurland og Lærdal.
– Det økonomiske overskotet kjem jo frå ein stad. Og vi trur kanskje at villreinfangst har hatt enda større betydning enn det vi har vore klar over tidlegare.
Leif Inge Åstveit er forskar og arkeolog, her med ei åre som er så godt som intakt.
Foto: Thomas Bruen Olsen, Universitetsmuseet, UiB
Kulda slukte anlegget
Årsaka til at anlegget har blitt så godt bevart, er at anlegget var i bruk ved inngangen til ein kuldeperiode.
Lågare temperatur har medført at anlegget vart dekt av snø året rundt, og meir eller mindre innkapsla i isen.
I meir enn 1500 år har desse gjenstandane hatt optimale forhold for oppbevaring. Nede i isen har det vore kaldt, mørkt og passe fuktig.
No smeltar dei igjen, og kjem fram i dagen som følge av eit varmare klima.
Når gjenstandane blir lyssett og fotografert på nært hald kan ein sjå kor bra dei har halde seg.
Foto: Adnan Icagic, Universitetsmusset, UiB
Fleire funn
Dei siste åra har det blitt gjort fleire funn av ulike gjenstandar frå isen.
- I 1972 styrta eit fly på Jostedalsbreen. Det vart borte, inntil det vart funne 49 år seinare, i 2021.
- Alt i 2014 vart funne ei 1300 år gamal ski i Reinheimen.
- I 2019 dukka det opp eit skrin som vart funne i Breheimen nasjonalpark.
- Det har dukka opp så mange gjenstandar får ulike brear og fonner dei siste åra at det til og med er laga eit eige museum.
←
I 1972 vart flyvraket slukt av ismassane på Jostedalsbreen. I 2021 titta det fram att.
Foto: ukjent
Denne rundt 3600 år gamle pil med pilspiss av elvemusling vart funne i isen i Jotunheimen i 2023.
Foto: ESPEN FINSTAD, SECRETS OF THE ICE, INNLANDET FYLKESKOMMUNE
I ei isfonn i Reinheimen vart det mellom anna funne ei 1300 år gamal ski i 2014.
Foto: Oppland fylkeskommune
Denne skinnskoa skal vere 3.000 år gamal, og vart funne i Langfonna i Jotunheimen
Foto: Lars Holger Pilø
→
– Teikn på at klimaet endrar seg
Breforskar Liss Marie Andreassen ved NVE seier det er god grunn til å tru at det blir fleire funn frå forhistorisk tid framover.
– Mange brear vil forsvinne i løpet av dette århundret,
Den sørlegaste breen i Noreg, Breifond i Rogaland – og den nordlegaste, Nordmannsjøkelen i Finnmark, er allereie i ferd med å forsvinne. Den førre, store kartlegginga viste at 20 isbrear i Noreg no er borte.
364 kvadratkilometer isbre har forsvunne i landet vårt sidan førre måling i 2006. Det tilsvarar eit område på størrelse med Mjøsa.
– Det er spanande å følge med på funna som kjem fram, til dømes både frå ferdsel og jakt. Men det er også eit teikn på at klimaet er i endring, og at vi mistar mykje av fonnene og breane våre.
Ho legg til at når ulike gjenstandar dukkar opp som følge av at isfonner og brear smeltar, så vil kvaliteten på materialet raskt bli dårlegare. Difor har forskarane avgrensa med tid på å finne gjenstandar som skal gi nye svar om fortida.
Isbreforskar Liss Marie Andreassen i NVE.
Foto: Kirsti Haga Honningsøy / NRK
Publisert
10.11.2025, kl. 07.00