Skrevet av Bjørn Morstøl
Isfjordingar som er gamle nok, veit inderleg godt kven Colin Hicky var. Slik eg ser det, var han kanskje den mest talentfulle og allsidige idrettsutøvar Isfjorden har hatt, Tove Beathe Dahle, og Inge Morstøl medrekna.
Colin Hicky, alias Kolbjørn Sølsnes, var hatling og følgjeleg ein temmeleg allsidig idrettsutøvar, hadde eg nær sagt. Kva slags idrett han var best i, kan diskuterast, men han huserte idrettsleg svært i friminutta utanfor Isfjorden skule på 1950-talet, då ein dreiv med idrett så å seie i kvart einaste friminutt. Og skulle ein slå han i tresteg, kunne ein i alle fall ikkje satse langt bak satsstreken.
Colin Hicky var ikkje hatling for ingen ting. På 1950-talet sto grendaidretten i Isfjorden temmeleg sterkt. Og hatlingane var knapt nok til å slå, sjølv om ein Magne Sæther nok kunne greie det i kastøvingar. I 1958 var Colin Hicky ein av dei to som konkurrerte i 17 friidrettsøvingar på same dag under Kavlileikane Nedpå med han Johan på Unhjem. Det skulle norske friidrettsutøvarar i dag ha sett det, folk som tek skade på si sjel om dei til saman konkurrerer meir enn ein gong pr. dag sju- åtte gonger i ei øving på eit heilt år. Heia Ulsteinvik! Og Torvikbukt!
Hatlingane kom den gongen, altså i 1958, til Kavlileikane i samla tropp, med Gullik i spissen, eller han som nokre år seinare vart far til ei jente som vart svensk meister i orientering, ein idrett som enno var ukjent i Isfjorden. Og som først fekk vind i segla då ein kretsmeister for Aust-Finnmark begynte å lee på seg,Reset sin salige Oddmund Unhjem.
Hatlingane kom i alle fall i full fart nedover bakkestrekninga frå vegen, til den storveges arenaen på Unhjem, men saka var den at dei i enden av bakken måtte hoppe over eit piggtrågjerde. Og Gullik som gaule at ein no skulle slå kavlingane, gjekk på hovudet over dette gjerdet – Og det vart hatlingane sitt Waterloo!
I det heile spara hatlingane likevel ikkje på konfekten, i alle fall ikkje når dei på ski bevega seg mellom portar i Furulia. I 1958 var Jan Bredeli kretsmeister i slalom rett føre Bjarne Kylling nettopp der, mens Odd Kavli hadde vore NM-deltakar i utfor seks år tidlegare. Så spørst det då likevel om ikkje dei to beste hatlingar i alpint var Colin Hicky og Gullik. Utover det visste sjølvsagt også Østi og Ingard Hatla inderleg godt kva ein port var. Og på 1960-talet var det vel klubbrenn så å seie kvar veke i Furulia, der hatlingane opererte med bravur.
I hopprenn på Unhjem, i Olabakken, strekte også hatlingane seg langt nedover mot undergangen, og ein kunne sjølvsagt ikkje sjå bort ifrå Colin Hicky, sjølv om dei hadde sin eigen hoppbakke i Hatla, den tida skuleidretten enno ikkje var eit naturstridig fenomen. Nåja,hopp, hopp Karoline, skal visstnok eidsvågingen Bjørnstjerne ein gong ha sagt!’ Men han sa det ikkje i Hatla.
At det gjekk ei skilinje frå dei gamle hatlingane og fram til Håvard Bjerkeli tre-fire tiår seinare, er det neppe tvil om. Om ein hadde hatt ei skeisebane i gamle dagar, skal eg vedde på at isens store heltar i Isfjorden som Colin Hicky og Gullik ville kunne ha bevega seg med den største eleganse. Det gjorde dei faktisk også når dei gjekk på skeiser på elva nedanom Bedehuset i Hatla. Og der kunne det vere ein glimrande stålis utan like om elva fraus til på det rette tidspunktet.
Sjølvsagt sto også hatlingane i sentrum i grendafotballen si tid, før ein enno hadde gutelag i bygda på kretsnivå. Og Colin Hicky var også med i den kampen der Indre Isfjorden slo Ytre Isfjorden 7-0 på Ørå. Og på fotballbana var det nokså vanskeleg å komme forbi Colin Hicky, i alle fall om ein ikkje heitte Magne Sæther. Og som fotballspelar kunne Colin HIcky måle seg med kavlingen David Grøvdal, også han ein temmeleg allsidig idrettsmann, i tida si ånd.
Aller best var kanskje likevel Colin Hicky i friidrett, og ikkje minst i høgde, stav, tresteg, lengde og springing, der han ein gong vann eit veldisponert terrengløp på Råkja. Under eit KM derimot på Åndalsnes, der han fekk fire andreplassar, gav dei sparsommeleg åndalsnesingane han berre eitt sølvmerke, mens han alle andre stader ville ha fått fire.
Sitt kallenamn hadde Kolbjørn Sølsnes, sidan han meistra skeisene temmeleg godt, og kva var meir naturleg enn då å vise til ein internasjonal skeiserennar med omtrent same namn. Og så må ein ha klart for seg at ein idrett som i dag er nesten gløymd, den gongen var ein idrett over alle idrettar. Og høyrde ein tala 16,32,6 var det nokon kvar som forsto kva Paradis var. Og at ein i dag ville gå fire minutt fortare, var utenkeleg. No gjekk nok ikkje Colin Hicky 10000 m, men hatlingane turnerte isen med bravur på elva nedom bedehuset, der han kunne gjere Gullik rangen stridig.
Hatlingane var ikkje berre god i idrett, men dei var nok også kvinnene sine yndlingar. Og slik fekk dei sogar ein idrett utan lyte!
I vaksen alder fekk Kolbjørn Sølsnes seg teknisk utdanning i Gøteborg, og han var nok ikkje lenger så ofte då å sjå på heimlege trakter.
Fred over over ein god venn og ein god klassekamerat sitt matematiske minne!