6. juni blei den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta dømt til 21 år i fengsel i Trøndelag tingrett.
Han blei funnen skuldig i 70 valdtekter og 82 tilfelle av misbruk av stilling for å oppnå seksuell omgang.
Arne Bye anka dommen. Han ville ha ei ny vurdering av om kvinnene var ute av stand til å motsette seg det som skjedde på legekontoret.
Frostating lagmannsrett avgjorde 6. oktober at Bye si anke over bevisbedømming under skuldspørsmålet for 18 tiltalepostar skal fremmast til ankeforhandling.
Men 1. juli gjorde endringar i straffelova at ein av paragrafane Bye er blitt dømt for, ikkje lenger finst.
Når han no trekker anken over skuldspørsmålet gjer lovendringa at strafferamma for det Bye er dømd for er 16 år i fengsel.
Det stadfester Arne Bye sine forsvarar overfor NRK.
– Dei rettslege spørsmåla er avklart
– Slik saka står no så har både tingrett, lagmannsrett og Høgsterett gjeve eit klart signal om korleis dei meiner jussen skal forståast, seier forsvarar Frode Wisth.
Bye anka først dommen frå tingretten og så lagmannsretten si avgjersle over kva saker dei vil behandle i ankesaka.
Høgsterett forkasta anken til Bye.
– Det er berre nokre få saker som kom gjennom ankesilinga og det ville ikkje hatt noko betydning.
Foto: Kari Sørbø
– Dei rettslege spørsmåla, som me tenkte på, er avklart. Dette er eit naturleg følge av den silinga som lagmannsretten gjorde.
Lagmannsretten skal framleis behandle Bye si anke over straffeutmålinga.
Lovendring gjev kortare straff
Den tidlegare kommuneoverlegen blei mellom anna funnen skuldig i 38 brot av §292 i straffelova.
Paragrafen inneheldt bestemmingar knytt til valdtekt ved innføring av gjenstandar.
Strafferamma for brot på denne lova var 15 år. Når ein blir dømt for fleire brot, kan ein få seks år ekstra straff.
Dermed blei strafferamma i Frosta-saka 21 år i fengsel:
Tingrettsdommar Espen Haug las opp dommen der den tidlegare kommuneoverlegen blei dømd for 38 brot av § 292 som ikkje lenger finst.
Då lovendringane som blir kalla «samtykkelova» trådde i kraft 1. juli finst ikkje denne paragrafen lenger.
I tillegg fjerna lovendringa minstestraffa på tre år og øvre strafferamme på 15 år ved valdtekt til samleie.
Dermed vil strafferamma for lovbrota Bye er dømd for vere 16 år etter lovverket som er gjeldande i dag.
Skuffa over at Bye får kortare straff
– Me opplever at klientane våre – dei som skulle ha møtt i lagmannsretten – uttrykker enorm lette.
Det fortel, Tove Røddesnes, koordinerande bistandsadvokat for dei fornærma kvinnene.
Samstundes fortel ho at mange er skuffa over at Bye no vil få kortare straff.
– Det er skuffelse rundt det. Mange av dei fornærma eg har pratet med, opplever at det går ut over tilliten til rettssystemet.
Bistandsadvokaten fortel at mange av dei fornærma kvinnene no får sette eit punktum.
– Eg opplever at mange er veldig slitne av saka. Det har vore ei stor påkjenning.
– Så det er mange uttrykker lette no, legg ho til.
Koordinerande bistandsadvokat Tove Røddesnes.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK
– Kjem til å be om 16 år, som no er maksstraff
Før Bye trakk anken over skuldspørsmålet, skulle lagmannsretten både behandle spørsmålet om Bye er skuldig eller ikkje, og lengde på straffa.
Då varsla påtalemakta at dei ville vurdere om nokre av tiltalepunkta kunne bli ramma av paragrafen om grov valdtekt.
– Dette vil utløyse ei samla strafferamme på 21 år, sa statsadvokat Eli Nessimo til NRK
Men når Bye no trekker anken over skuldspørsmålet er ikkje det mogeleg å gjere.
– Me kjem til å be om 16 år som no er maksstraff for dei forhalda Bye er dømt for.
Det seier statsadvokat Rikhard Haugen Lyng. Saman med statsadvokat Eli Nessimo har ho representert påtalemakta i saka mot Bye.
Statsadvokatane Richard Haugen Lyng og Eli Reberg Nessimo.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK
Han ønsker ikkje å kommentere at strafferamma no har blitt lågare.
– Påtalemakta har ikkje nokre tankar om det. Me tar lovendringa til etterretning og er oppteken av straffesaka skal bli korrekt avgjort utifrå dei lover og reglar som er gjeldande.
– Me har ikkje nokre tankar eller kommentarar til det politiske rundt lovendringa.
Han fortel at dei reknar med at saka berre vil ta nokre dagar i lagmannsretten. Da vil ikkje dei 13 kvinnene som skulle få sine saker behandla på nytt møte.
– Korleis trur du det opplevast for dei fornærma at det har vore veldig mykje fram og tilbake også ender ein ikkje på maksstraff likevel?
– Det tenker eg at dei fornærma heller må uttale seg om heller enn at eg, svarar Haugen Lyng.
Publisert
12.11.2025, kl. 15.36
Oppdatert
12.11.2025, kl. 16.22