Kjøpesenteret Lagunen i Bergen er no Skandinavias største kjøpesenter i areal, på om lag 100.000 kvadratmeter.
På opningsdagen var det stor pågang.
Lagunen er også størst i landet på omsetning.
For senterleiar Tone Havnerås er dette ein festdag ho har venta lenge på.
– Heilt enormt. Det er nesten litt uvirkelig at me står her i dag etter to år med byggestøy og støv, men samtidig entusiasme og glede, seier ho.
Men nokon er sjølverklært festbrems i dag, sjølv om dei sa ja til planen for ti år sidan.
Ville ikkje stemt for i dag
Dagens utviding med 15.000 kvadratmeter meir kjøpesenter er i tråd med områdeplanen for Lagunen som blei vedtatt i 2015.
Geir Steinar Dale i Arbeidarpartiet var ein av dei som stemte for planen.
– Er ein med i politikken lenge møter ein seg sjølv i døra av og til, og då er det viktig å seie hei, seier han.
– No for tida er det mykje hei, seier han ti år etter at han vedtok planen for Lagunen.
Geir Steinar Dale trekk fram mange grunnar til at han ville sett annleis på saka i dag. Han seier ein tenker heilt annleis om byutvikling no, ti år seinare.
Foto: Martin Værum Anda / NRK
– Det har skjedd såpass store endringar knytt til tenkemåten kring byutvikling. I dag hadde me nok gått inn for ei endå større reduksjon av handelsareal, seier han.
Han understrekar at vedtaket var eit kompromiss, han ville hatt ei mindre utbygging.
I dag ville han stått hardare på krava om meir bustad- og grøntareal.
– Det er ein del problem som er mykje meir framme i diskusjonen i dag, som at me står i ein natur- og klimakrise, seier politikaren.
– Eg feirar absolutt ikkje dette
Det store trekkplasteret på opningsdagen var giganten Zara. Men ikkje alle jubla.
– Eg feirar absolutt ikkje dette. Sjølv om Zara verkar kulare for den norske marknaden, er det heilt likt som H & M og Cubus, som alt finst på Lagunen. Dei har same form for produksjon og «fast fashion». Det blir produsert billeg slik at det ikkje skal vare lenge, for kundane skal helst kjøpe nye klede året etter, seier Volia Hasvik, leiar i Natur og Ungdom Vestland.
Senterleiar Havrås er godt klar over at ikkje alle ser på dagens opning som ein festdag.
Ho seier følgande til kritikken om at kjøpesenteret har blitt for stort:
– Ja, sånn er det. Eg tenker at her finn ein alt på ein stad, og tilbodet er veldig, veldig bra. Me kan ikkje tilby alt dette utan å vere store.
Senterleiar ved Lagunen storsenter, Tone Havnerås.
Foto: Per Vidar Raunholm / NRK
– Er det grenser for kor stort Lagunen skal vere?
– Det neste som skjer her er bustadbygging. Så nå er vi på plass med kjøpesenterbiten og skal halde den levande og hele tida utvikle den.
Publisert
13.11.2025, kl. 20.43