Klokka 08.22 fekk politiet melding om ei trafikkulykke på E39 ved Hornindalsvatnet.
To store køyretøy skal vere involvert og eit av dei skal ha velta.
– Det er uklare omstende, opplyser Dan Erik Johannessen, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.
Det skal vere ein tankbil som ligg på sida. Den inneheld ikkje farleg gods, men har ca. 25 tonn adblue. Det skal vere snakk om mindre lekkasje på staden.
Føraren av tankbilen er tatt med av ambulanse for vidare undersøking, melder politiet klokka 09.20.
Det skal vere veldig glatt på staden.
Vegen er stengd. Vanlege personbilar kan ta seg forbi skadestaden via Skredevegen.
Politi og brann er framme på staden og jobbar på staden.
Tungbilbergar er rekvirert og entreprenør er varsla om glatt veg.
Firda kjem tilbake med meir.