Rastad kjem frå stillinga som direktør i PwC.
Fylkestinget vedtok tilsetjinga i eit ekstraordinært møte i fylkestinget fredag 14. november.
– Eg håpar fylkestinget er klar til eit fruktbart samarbeid med Rastad, sa fylkesordførar Jon Askeland (Sp) før vedtaket vart klubba gjennom.
Den nye fylkesdirektøren er 56 år og bur i Bergen.
Han har 18 år bak seg i Bergen kommune, som kommunaldirektør for avdelinga til byrådsleiaren og som informasjonsdirektør. Han har også vore universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen og stasjonssjef for Braathens ved Bergen Lufthavn Flesland.
I tilsetjingsprosessen har erfaring frå store og komplekse organisasjonar har vore vektlagt, skriv Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.
Endring og omstilling
– Eg kjenner Vestland fylkeskommune godt gjennom tidlegare samarbeid og er svært motivert til å leie organisasjonen. Å leie ein kunnskapsorganisasjon er eit stort ansvar og privilegium, og eg ser verkeleg fram til samarbeidet med både politisk nivå, leiarar, tilsette og tillitsvalde, seier Rastad i ei pressemeldinga.
Han har ein Master of Management frå BI med spesialisering innan leiing, organisasjonspsykologi og personalleiing. Han har også ein cand.mag-grad frå Universitetet i Bergen med emne innan medievitskap og organisasjons- og arbeidslivspsykologi.
Han tek over ein organisasjon som møter strammare økonomiske rammer, samstundes som det er behov for innovasjon og nytenking.
– Med til saman over 25 års leiarerfaring frå store og komplekse organisasjonar, har eg stått midt i den enorme utviklinga vi har hatt desse åra. Eg veit at Vestland fylkeskommune som mange andre, vil møte nye krav til endring og omstilling. No er eg klar til å ta over stafettpinnen og løyse alle dei spanande oppgåvene i fylkeskommunen saman med dei tilsette, seier han.
Rastad tek over for Rune Haugsdal, som går over i stilling som seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune, med andre oppgåver framover.

Les også
Sluttar som fylkesdirektør
Rastad får ei årsløn på 1.980.000 kr. og tek til i stillinga som fylkesdirektør 1. januar 2026.
– Moderne avtale
I fylkestinget drog Askeland drog gjennom korleis prosessen har vore, kva kravspesikasjonar som har vore lagt til grunn, og korleis Rastad i hovudtrekk er vurdert opp mot dette.
Les også
Desse vil bli ny fylkesdirektør
Leiarlønningar har vore i søkjelyset den siste tida, og dette kom Askeland også inn på i sin presentasjon.
– Det er framforhandla ein rein arbeidsavtale som omhandlar årsløn, og ti ekstraferiedagar som er vanleg på dette nivået. Alle andre vilkår er i tråd med Vestland fylkeskommune sitt personalreglement. I ein kontekst der vilkår for leiarar har vore framme, vil eg påstå at dette er ein moderne avtale, ein rein avtale, som baserer seg på at me skal få eit trygt og godt samarbeid med Rastad framover, sa Askeland.
Jeanette Onarheim Syversen i Raudt var den einaste som tok ordet i debatten, og gav uttrykk for at Rastad framstår som ein god og tillitsfull kandidat.
– Sjølv om nivået er under to millionar, ligg me likevel i lønstoppen i landet på fylkesdirektørar. Men me tenkjer det er nøkternt med dei rammene som er lagt fram, og tenkjer det er positivt med ein motivert kandidat, sa Syversen, som meinte prosessen hadde vore tillitsvekkande.
Eit arbeidsutval med desse fylkestingsrepresentantane har stått for det praktiske i samband med tilsetjinga: Fylkesordførar Jon Askeland (leiar, Sp), fylkesvaraordførar Stian Davies (Ap), Trude Brosvik (KrF), Silja Ekeland Bjørkly (H) og Terje Søviknes (FrP). I tillegg har to hovudtillitsvalde for dei tilsette delteke.
Administrasjonsutvalet og fylkesutvalet tilrådde innstillinga til fylkestinget, som samrøystes vedtok tilsetjinga.