Eg spurde eingong ein sportsjournalist om fotball var ein sjukdom. Han sa at då er det mykje som kunne kallast det. Fotball er ikkje ein sjukdom, men ein fantastisk idrett.

Pave Johannes Paul

Pave Johannes Paul II (1920–2005) var ein ihuga fotballtilhengar og viktige avtalar vart tilpassa Manchester United sine kampar. Paven vart vidgjeten for orda: «Av alle uviktige ting i verda er fotball den viktigaste.» Fotball er viktig. På eit fotballag kan ein ha spelarar frå ulike land og kulturar, men det er evnene og talenta til fotballspelarane som står i sentrum. Mange fotballspelarar har kome frå fattige kår, men har klart å hevda seg i denne sporten. Den brasilianske spelaren Pele er eit døme på ein fotballspelar som har kome frå fattige kår og han har kanskje vore verdens beste fotballspelar. Pele sa i si tid: «Eg vart født for å spele fotball, akkurat som Beethoven var født til å komponere musikk og Michelangelo var født til å male.»

Fotballuttrykk

Den tidlegare trenaren til Rosenborg George Curtis heldt ein gong fram ein ball og sa: «This is a ball.» Då svarte Odd Iversen kjapt: «Du må itj gå så fort frem.» I fotball finst det eit mangfald av uttrykk. Her er nokre få av dei: «Offside. Sette på frimerke. Flo-pasning. Lårhøne. Hawai-fotball. Gå på løp. Tigersprang. Hat-trick. Feberredning. Bananskru. Overgang. På han som ein klegg. Forsvaret er ope som ei låvedør. Gjennombrotspasning. Heading. Straffespark. Avspark.» Sjølv om ein ikkje kan alle orda som vert brukt i fotball kan det likevel vere stor spenning å sjå ein fotbalkamp.

Dommarar

Ein dommar skal handheve spelereglane og vere rettferdig. Pierluigi Collina har vore ein av dei mest respekterte dommarar som nyt stor tillit både av trenar og spelarar.

Ein gammal fotballhistorie handlar om dommaren Ivar Fredriksen som representerte Lillestrøm Fotballklubb. Ein gong Ivar dømte gjekk det litt vilt for seg. Ivar reiv det gule kortet i stykke og sa at no har eg berre raudt igjen. No måtte spelarane passe seg.

Fleire dommarar har vorte litt hetsa opp gjennom tidene. Det har vorte sagt om ein eldre dommar på Sunnmøre at han høyrde godt, men såg dårleg. Ein mann kom bort til ein dommar og sa at det var ein god kamp som han nettopp hadde dømd. Dommaren seier: Synst du det? Ja, den skulle du ha sett. Det har også vorte sagt til ein dommar at vi har optikar lenger ned i gata.

Fotballspelar Rune Bratseth brukte å kaste eit handkle over hovudet før kamp. Kameratane visste alltid kva som føregjekk då. Han hadde ei bønnestund. Mange trudde han bad om siger, men han bad om at dei beste måtte vinne. Han bad også om ein skadefri kamp og rettferdig dømming. Ei framferd som vi treng å lære av.

Fotball som idrett

Fotball er den idretten i verda som tiltrekke seg flest TV- sjåarar. I Norge er fotballen den største idretten. Fotballen har flest utøvarar, flest tilskodarar og størst publisitet i norske medier. Norge har saman med Sverige og Danmark vore pionerar innan kvinnefotball.

Fotball kan skape relasjonar og kameratskap på tvers av kulturar, politiske meiningar og generasjonar. Fleire i same familie kan glede seg til same kampen. Nils Arne Eggen sa ein gong at du blir aldri god åleine i fotball, dine medspelarar er dine beste trenarar. Fotball gir tilhøyrsle. Når fotballaget eg heiar på vinn, då sigrar eg også saman med dei andre tilhengarane.

Fotball som oppseding

I fotball lærer ein å handtere både nederlag og siger. Ein må ikkje sjå for mykje i bakspegelen, men heller gjennom frontruta. Ein må lære seg restitusjon og må alltid nullstille seg til neste kamp. Afrikas første nobelprisvinnar målvakta Albert Camus sa ein gong: «Alt eg veit om moral, har eg lært av fotballen». I fotball er det vanleg å takke kvarandre etter kampen.

Det har vore sagt at fotball er meir enn ein idrett. Den representerer unike verdiar som vi skal verne om for å byggje fellesskap og eit inkluderande samfunn. NFF sin visjon er: «Fotball for alle – glede, draumar og fellesskap.»

Som gutunge var eg på nokre treningar på Høddvoll. Den legendariske Arne Erlandsen har sagt at gamle Høddvoll hadde den tyngste fotballbana i landet, sidan grasmatta var så våt.

Ein gong eg var på trening sa ein av trenarane at dersom motstandaren hadde ein rask ving skulle eg gå bak han når ballen kom og pirke han på skuldra. Når den nyfikne vingen snudde seg rundt var ballen forbi. Eg praktiserte det aldri, sjølv om eg synst det var eit morosamt påfunn.

I nokre bygder på Austre og Nordre Sunnmøre vert o uttala ø. Rotte blir røtte og folk blir til følk. I Stordal kan byen Molde verte uttala Mølde. Ein lærar på Ulstein ungdomskule kom inn i klasserommet og sa: ”Vil dokke oppføre dokke som følk”. I fotball gjeld det å oppføre seg som ”følk”. Vi må ta vare på både spelarane og dommaren – og saman skape samkjensle. Når ein greier det så kan ein seie: Hipp Hurra for Fotballen!