Tysdag annonserte Filmkraft at Anne Lærdal ikkje vil fortsette som dagleg leiar i Filmkraft Rogaland.

Organisasjonen støttar prosjekt innan film og dataspel. I 2024 delte dei ut 22,1 millionar skattekroner til film- og dataspelformål i regionen.

I sommar blei det lagt fram eit 275 sider langt varsel mot leiinga i organisasjonen, og eit internt arbeidsutval blei sett ned for å undersøke varselet.

Varselet handla om arbeidsmiljøet og leiinga i selskapet. Tilsette brukte skjulte lydopptak for å dokumentere varselet.

Lærdal blei nyleg frikjend for rettsleg kritikk av Filmkraft sine advokatar.

På tysdag kom det fram at ho får ein sluttavtale, som gir ho økonomisk kompensasjon for «belastninga ho har vore påført som følge av varsla og saka».

1,1 millionar på to månadar

Gamer.no har bedt om innsyn i sluttavtalen, og kan fortelje at Lærdal får tolv månadar etterløn. Lærdal har ei bruttoløn på 1.106.360 kroner.

Ho vil få utbetalt det same beløpet (summen er før skatt) fordelt på dei to neste månadane.

Avtalen seier at ho kan ta ny jobb utan avkorting av beløpet. Lærdal får også dekkja advokatkostnadar på opptil 150.000 kroner.

Gamer.no har spurd kor mykje av etterløna som er kompensasjon for belastninga rundt varslingssaka, men styreleiar Benedicte Økland ønsker ikkje å svare på det.

– Eg har ingen kommentar til den avtalen, seier Økland.

– Uheldig

Hans Eirik Voktor, professor i dokumentarfilmproduksjon og filmprodusent, reagerer.

– Det er uheldig at pengar som kunne gått til tildelingar, blir brukt til å rydde opp i interne problem, seier Voktor.

Det er tøff konkurranse om midlane Filmkraft sit på. Voktor har sjølv søkt om pengar frå selskapet.

Avtalen blei signert av Lærdal og Økland på tysdag. Den seier blant anna at Lærdal gir frå seg retten til å fremme krav og reise søksmål mot selskapet.

Filmkraft-saka

I august blei det kjend at tilsette og tidlegare tilsette hos Filmkraft Rogaland hadde sendt eit 275 sider langt varsel mot leiinga i selskapet.

Varselet handlar blant anna om arbeidsmiljø og kritikk mot konkrete tildelingar av pengestøtte.

Filmkraft Rogaland er eit av fleire regionale film- og spelfond som deler ut millionar av skattekroner til film- og spelprosjekt kvart år.

Gamer.no har belyst habilitetspraksisen ved ulike filmfond rundt i Noreg, og følger Filmkraft-saka av omsyn til norsk film- og spelbransje.

Lærdals advokat er presentert for innhaldet i artikkelen. Filmkraft Rogaland er også kjend med at Gamer.no omtalar saka.

LES OGSÅ: Reagerer med sjokk og vantru etter vedtak »

Dette viser dei hemmelege dokumenta »

Svært ulike syn på habilitet »

Reagerer på manglande openheit »