Eg les i Jærbladet om Anette frå Nærbø som slit med å koma seg heim frå kveldsvakt på SUS.
Eg arbeider tredelt turnus på ei akuttavdeling på SUS, og sluttar kl. 22.30 etter kveldsvakt.
Dersom eg er heldig og får gå frå avdelinga presis kl. 22.30, har eg 11 minutt på meg til å koma meg i garderoben, skifta og koma meg til busshaldeplassen rett utanfor bygg D. Då kan eg nå ein buss som tek meg til Sandnes og vidare med buss til Kvernaland.
Med kolumbussappen sine berekningar, er eg då heime kl. 23.44 – 75 minutt etter at eg er ferdig med arbeidet.
Hadde eg køyrd, ville det teke meg ca. 25 min.

Les også
Fleire tilsette ved nye SUS pendlar frå Jæren: – I ytste konsekvens vil nokre kanskje slutta
Dersom eg er uheldig, kjem ut av avdelinga seinare og ikkje når 22.41 -bussen, ser det ut på appen at eg må venta til bussen klokka 23.41 frå SUS Ullandhaug til Sandnes, bytta buss og vera heime 00.44. Altså 2 timar 15 minutt etter endt arbeidstid.
Dette er heilt uhaldbart for oss som bur på Jæren, arbeider turnus på SUS og som ønskjer å reisa kollektivt.
Les også
Sånn kjem du deg til nye SUS
Eg er heilt einig med Anette på Nærbø i at det ikkje er kjekt å måtte køyra til kveldsvaktene. Det blir meir irritasjon med tanke på at det kan vera fullt i parkeringshuset og at meir av kostbar fritid blir brukt til å stå i parkeringskø.
For meg blir det kanskje òg ein bil nummer to, som eg eigentleg ikkje ønskjer.
Som Anette, vann eg òg ein månad gratis kollektivbillett. Den skal brukast, og Kolumbus skal få ein sjanse.
Men eg meiner at Kolumbus bør gjera meir for oss som bur sør for Sandnes.

Les også
Bussen er forbindelsen til alt. Nå gruer han seg til rutekuttene

Les også
Politikerne gir full gass i retning ekstra dyre kollektivbilletter for jærbuen

Les også
Nå er det vedtatt: Billettene dyrere – midt i året

Les også
Det blir slutt på å komme seg hjem sent om kvelden og natta
Les også
Jæren rustar seg for sjukehusflytting: Klare for «worst case scenario»