– Ein må ta det gode med det vonde.

Frans de Klerk snakkar om bysten av Henrik Verwoerd.

«Ein omstridd type i sørafrikansk politikk», seier de Klerk om mannen som er død for lengst – men som likevel set sitt preg på kva mange meiner om kvite sørafrikanarar, også den dag i dag.

Flere byster står oppå et utkikkspunkt. I bakgrunnen vaier et flagg.

Hendrik Verwoerd, nummer to frå høgre, var ein omstridd person.

Foto: AFP

Frans de Klerk er i starten av 20-åra, og står på eit utkikkspunkt i byen der han har vakse opp. Rundt han er det byster av nokre gamle menn. Fleire av dei var viktige personar gjennom ein turbulent periode av Sør-Afrikas historie.

Den eine som ser stivt ut i lufta er altså Hendrik Verwoerd. Frans skal snart forklare kvifor han er så omstridd.

Men han skal også forklare kvifor den vesle statuen i forgrunnen ser ut over heimbyen hans, Orania.

en mann som står ved siden av en statue

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– Misforstått

Frans er informasjonsmedarbeidar for Orania, ein ganske omstridd by som Frans vil spreie bodskapen om.

– Me kjenner oss ofte misforstått. Mange har høyrt at konservative afrikandarar har laga ein liten by for seg sjølv. Dei verkar som dei forventar eit slags amishsamfunn når dei kjem hit. Eller at det står gamle, gretne mannfolk ved porten, seier de Klerk.

Frans er ein kvit afrikanar – altså ein afrikandar. Han har aldri vore i utlandet, men familien hans har røter i Europa.

Men røtene er gamle. Det har gått meir enn 300 år sidan folk kom frå Nederland, og busette seg i det sørlege Afrika. Så for Frans er Sør-Afrika «heime», medan Nederland er eit framand land der folk snakkar eit litt gjenkjenneleg språk.

Heimbyen hans er også afrikansk, men den skil seg ut frå resten av kontinentet. Alle i gatene er kvite i huda fordi dei alle er afrikandarar.

I den vesle landsbyen står fleire tomter klare til å bli bygd på, men berre til folk som blir godkjende av ei nemnd som vurderer alle søknader.

– Me har ein slags kontrollsjekk som alle må gjennom. Dette er ikkje berre eit søtt turistopplegg for afrikandarar, dette er eit kulturelt prosjekt. Så alle som vil flytte hit må forstå at dette er eit fridomsprosjekt, og ikkje berre ein kva for som helst by som folk kan flytte til.

Fridomen han snakkar om handlar om å få snakke sitt eige språk, dyrke sin eigen kultur og utøve sin kristne religion. Ein del kvite sørafrikanarar meiner kulturarven deira er i fare i dagens multietniske Sør-Afrika.

Den kvite minoriteten er framleis blant landets rikaste folkegrupper – men dei har mista mykje av makta som dei ei gong hadde.

Det rasistiske apartheidsystemet favoriserte Sør-Afrikas kvite gjennom nesten femti år. Apartheid møtte mykje motstand, både i Sør-Afrika og internasjonalt.

Orania såg dagens lys i dei åra der apartheid var på veg bort. Visjonen og draumen var ein storby med godt over 50.000 innbyggjarar, der afrikandarane kunne ta vare på sin kulturarv.

Men det ugjestmilde klimaet i halvørkenen rundt Orania er ikkje akkurat Sør-Afrikas mest forlokkande stad å bu. I dag er det 3000 personar som kallar Orania for sin heim.

Men det er ein landsby i vekst, der dei fleste innbyggjarane er einige i ein ting: Retninga Sør-Afrika har teke dei siste åra er urovekkande.

Orania er ein landsby i Sør-Afrika, der berre kvite sørafrikanarar får lov til å bu

Orania ligg langt ute på landsbygda i Sør-Afrika.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

«Arkitekten» og den vesle kjempa

– Han har fått tilnamnet «arkitekten av apartheid», seier Frans, og snakkar om Hendrik Verwoerd – den omstridde mannen som det er byste av oppå utkikkspunktet.

Verwoerd er ein av nokre få som har fått heidersplassen oppe på Oranias utkikkspunkt.

Her har byens innbyggjarar sett opp nokre byster som har vore uønskte andre stader i Sør-Afrika. Nokre av dei er tidlegare blitt utsette for hærverk, og deretter blitt frakta til Orania.

Hatet mot dei som styrte under apartheid er stort i Sør-Afrika. Men i Orania har dei fått ein slags heidersplass.

– Ingen sin kulturarv er anten berre god eller dårleg. Mykje av vår historie blir sett ned på i Sør-Afrika. Våre monument og symbol blir skrota eller ignorerte. Vår kulturarv vert ikkje respektert. Så på eit tidspunkt må ein sjølv ta ansvar for å ta vare på sin eigen arv, seier Frans.

Så kjem han til monumentets hovudpoeng. Bystene står i ein halvring og ser alle fram på ein liten statue.

En gruppe statuer på en stein

Den vesle kjempa står i forgrunnen og ser ut over Orania – og inn i framtida.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Bystene av dei gamle mennene representerer fortida, og den vesle statuen dei ser fram på symboliserer framtida.

«Klein Reus» den vesle kjempa – er ein liten mann som bretter opp ermene på skjorta.

en statue av en mann på en stein med utsikt over en innsjø

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– Han bretter opp ermene fordi han er klar for å jobbe. Han vil skape si eiga framtid, seier Frans.

Han forklarer korleis innbyggjarane i Orania meiner at dei tek eit oppgjer med ein av forfedrane sine største feil. Det er ikkje berekraftig å bygge eit samfunn på at andre folkeslag skal gjere den tyngste jobben for dei, slik det var under apartheid.

Innbyggjarane i Orania skal sjølve bygge hus, lage vegar, drive jordbruk og alle andre arbeidsoppgåver som skal til for at ein kvardag skal gå rundt.

I tillegg handlar prosjektet deira om å stå på eigne bein.

– Det me driv på med i Orania ønsker me også for andre lokalsamfunn i Sør-Afrika: Me ønsker å bli meir uavhengige frå ein stadig meir mislukka stat, seier Frans.

Hat mot kvite?

«Shoot the Boer» «Kill the Boer».

Setningane skaper sinne og redsel på stader som Orania. Dei stammer frå ein omstridd song som nokon meiner er ei oppmoding til drap på boarane – kvite sørafrikanarar.

Andre meiner det berre er ein kampsong som motkjemparane av apartheid brukte – men som i dag ikkje kan tolkast bokstaveleg.

I Orania, langt ute på den sørafrikanske landsbygda, lever folk av jordbruk. Mykje av verdas produksjon av pekannøttar skjer her. Men bøndene i området driv også med meir tradisjonell jordbruk.

Utsikt over ein liten landsby i solnedgang.

Orania er omringa av store jordbruksområde.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Rundt 70 prosent av jorda i Sør-Afrika er eigd av dei kvite, som berre utgjer 7 prosent av innbyggjarane. Slikt skaper mykje debatt.

I nabolandet Zimbabwe er det ikkje slik. Rundt tusenårsskiftet vart kvite farmarar fråteken jorda si, og fleire flykta frå landet.

Gardane vart tekne over av svarte, ofte nære allierte med president Robert Mugabe. Fleire av dei nye jordeigarane hadde verken interesse eller kunnskap for jordbruk.

Dette – saman med omfattande korrupsjon – har øydelagd Zimbabwes økonomi.

Omstridd ny lov

Likevel finst det folk i Sør-Afrika som meiner det same må skje i Sør-Afrika.

Ein av dei som er mest kritisk til at kvite framleis eig mykje land i Sør-Afrika er Julius Malema, partileiar i det venstreradikale partiet Economic Freedom Fighters.

Og «Shoot the Boer», «Kill the Boer» er setningar Malema har ropt ut medan han syng den omstridde kampsongen framfor jublande tilhengarar.

Opposisjonsleder Julius Malema taler på et valgkamparrangement før onsdagens parlamentsvalg.

Julius Malema er partileiar i Economic Freedom Fighters, og kritisert for bruken av ein gamal kampsong som oppmodar til drap på kvite.

Foto: PHILL MAGAKOE / AFP

I det siste har også ei anna sak skapt sinne blant kvite i Sør-Afrika. Ei ny lov opnar for at staten kan ekspropriere land utan kompensasjon.

Sjølv om regjeringa seier at dette berre skal skje i heilt spesielle tilfelle, så meiner mange kvite jordeigarar at det er starten på ein jordreform – som vil føre til at dei blir fråtekne jorda si.

Det heile fører til at enkelte bruker ord som folkemord om situasjonen for kvite sørafrikanarar.

Ein av dei er USAs president Donald Trump, som har gjort kvite sørafrikanarar til nokre av dei veldig få som kan få beskyttelse som flyktningar i USA.

USAs president Donald Trump viser fram bilete til Sør-Afrikas president Cyril Ramaphosa

Donald Trump viste fram fleire bilete då Cyril Ramaphosa besøkte han. Nokre av dei var frå Sør-Afrika, nokre av dei var frå heilt andre stader.

Foto: Evan Vucci / AP / NTB

Avviser at folkemord skjer

– Eg veit ikkje heilt kor han fekk alt dette frå, men eg forventar ikkje at ein president i USA skal vere så dårleg informert som det.

Carel Boshoff er tidlegare leiar av Orania, eit verv han overtok av far sin som grunnla byen i si tid.

en person som står i et rom med bøker i hyllene

Carel Boshoff er akademikar, og tidlegare leiar av Orania-rørsla.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

No snakkar han om kva han tenkte då han såg Donald Trump overrumple Sør-Afrikas president Cyril Ramaphosa som var på besøk i Det kvite hus.

Trump viste fram nokre bilete han meinte var bevis på forfølging av kvite, og ordet folkemord vart brukt i samtalen. Bileta var henta frå høgreorienterte nettsider i USA, og viste mellom anna likposar frå Den demokratiske republikken Kongo.

Ramaphosa nekta for at noko folkemord på kvite går føre seg i Sør-Afrika. Trump sitt syn har også fått lite støtte blant kvite i Sør-Afrika.

Boshoff sit på det vesle kontoret sitt i Orania. På veggen heng eit bilete av Hendrik Verwoerd – den omstridde mannen det er byste av på utsiktspunktet.

en person som sitter ved et skrivebord med en bærbar datamaskin

Eit bilete av Hendrik Verwoerd heng på veggen på kontoret til Boshoff.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– Det er bestefaren min, seier Boshoff.

Familien hans har altså i generasjonar kjempa for rettane til kvite sørafrikanarar. Til tider på kostnad av andre folkeslag i Sør-Afrika.

Boshoff er uroa for situasjonen for kvite sørafrikanarar, men historia om eit folkemord er han ikkje med på. I alle fall ikkje endå.

– Mange kvite sørafrikanarar er mål for hatkriminalitet, og det kan ende opp med eit folkemord over tid, om situasjonen blir meir intens, seier han.

Han legg til at det også er eit kulturelt folkemord om eit folks kultur, språk og identitet blir borte. Og dermed er han tilbake til kjernen i ideen bak Orania, altså å ta vare på afrikandarane sin kulturarv.

At kvite sørafrikanarar er utsette for vald og kriminalitet er registrert i landets statistikkar, men dei same statistikkane viser at andre etniske grupper er endå meir utsette.

Kriminalitet er generelt eit stort problem i Sør-Afrika, men styresmaktene i landet har avvist påstandar om at det skjer folkemord eller etnisk reinsing i Sør-Afrika.

Vil bli uavhengige frå staten

I Orania kan ein finne ein fagskule, der unge bondespirer kan få opplæring på morsmålet. Byen har ei lita sjukestove, utleigehyblar, idrettsplass, og alle dei butikkane ein småby bør ha.

Frans de Klerk seier at kriminaliteten er låg, og at barn kan gå åleine utandørs, også etter at mørkeret har falt på. Det er ikkje normalen i Sør-Afrika.

– Dette er kupongane du kan bruke for å betale for deg her i Orania, fortel Frans

Han viser fram nokre papirlappar som liknar på pengesetlar. Den lokale «valutaen» er knytt til den sørafrikanske randen, og den er ganske så uoffisiell.

Men den er eit symbol på korleis Orania stadig forsøker å framstå som uavhengig frå resten av landet.

Han viser også fram flagget til Orania – eit flagg med nederlandske fargar og «den vesle kjempa» som eit sentralt symbol.

Ideen om Orania er omstridd, også blant kvite i Sør-Afrika. Og innbyggjarane i byen representerer berre ein del av meiningsmangfaldet blant Sør-Afrikas kvite befolkning.

Partiet VF+, som lenge har kjempa for rettane til kvite sørafrikanarar, har lenge vore store i Orania. Partiet fekk 65 prosent av stemmene ved valet i 2024, og viser at dei fleste i byen høyrer heime ute på høgre fløy.

Ifølge Frans de Klerk delar Oranias innbyggjarar den same visjonen om å bygge eit samfunn der kulturen til Sør-Afrikas kvite vert hylla.

Men ifølge informasjonsmedarbeidaren er det også slik at dei politiske meiningane blant byens innbyggjarar er mange og delte.

– Finst det folk i Orania som ønsker seg tilbake til apartheid?

– Du vil finne ulike meiningar blant folk i Orania. Det kan vere det finst folk som støtter apartheid i Orania, og det kan vere det finst folk som er ueinige med apartheid, seier de Klerk, før han legg til:

– Poenget er at apartheid er ein del av vår historie, og det kan ein ikkje endre på. Men det me kan endre på, det er kva som ligg i framtida.