Laurdag skjer ein avskjed utanom det vanlege på Brann Stadion. Den største profilen Brann har hatt på kvinnesida skal takka for seg, utan å ein gong få vera med på kampen.
Men korleis vil me eigentleg snakka om Signe Gaupset i framtida?
Berre for å legga lista på eit urealistisk og skyhøgt nivå: Eit besøk i fotballbyen Lisboa har sine interessante sider. Der veit dei nemleg ein del om å dyrka dei som har vore verkeleg store.
I byen finst det to store fotballklubbar med kvart sitt enorme og synlege ikon.
Det eine ikonet seier seg sjølv. I den raude delen av byen, i Benfica, er det Eusebio som definerer alt. Statistikken til angrepsspelaren talar for seg. På 614 kampar for klubben skåra portugisaren 638 mål, og vann serievinnarcupen for klubben.
Den andre er litt snodigare. Hjå byrivalane Sporting er det ingen ringare enn Cristiano Ronaldo som er det store ikonet. Sjølv om den evigunge portugisaren berre spelte 25 kampar for hovudstadsklubben, vert det framleis selt drakter med C. Ronaldo og nummer 28 på ryggen.
Det som skjer etter ein spelar forlèt ein klubb, kan altså i aller høgaste grad danna grunnlag for legendestatus. I historieforteljinga til Sporting-fansen hadde dei framleis nokre aksjar i den suksessen som Ronaldo seinare skulle gjera.
Då han vann EM, gullballar og meisterligafinalar, var det framleis litt Sporting igjen i han.

Eusébio da Silva Ferreira saman med Cristiano Ronaldo. I Portugal er desse dei to største, i kvar sin Lisboa-klubb.
Foto: Helder Santos
Slapp av. Det er eigentleg ikkje Signe Gaupset eg skal samanlikna med Cristiano Ronaldo.
La det ikkje vera nokon som helst tvil. I Bergen og Sportsklubben Brann har det vore mange gode fotballspelarar, men berre eitt ikon, ei legende, ein fotballkonge.
Han som rangar skyhøgt over alle andre, og truleg vil gjera det i absolutt all framtid.
Roald Kniksen Jensen, eller berre Kniksen, var spelaren som definerte kva Brann var for noko.
Før Kniksen var det til dels kniving om fotballhegemoniet i Bergen. Brann var ein sosseklubb som ikkje appellerte til heile byen. Engasjementet, begeistringa og underhaldninga dette fotballfenomenet skapte, gjorde at det etter Kniksen berre var Sportsklubben Brann i Bergen.
Akkurat som i Sporting i Portugal vart ikkje legendestatusen mindre, av at Kniksen ein dag i 1965 sette seg på eit fly til Skottland, og vart fotballproff i Hearts frå Edinburgh.

Kniksen er spelaren som definerte kva Brann er for noko.
Bergensarane var stolte og folk fekk spekulera i kor gode Brann kunne ha vore om Kniksen ikkje hadde reist. Og ikkje minst, at Kniksen òg hadde takka nei til eit tilbod frå Inter frå Milano var med på å bygga myten endå større.
Og til slutt kom Kniksen heim, og krona det heile med å vinna ein cupfinale.
Fram til denne hausten er Kniksen framleis den mestvinnande i klubbhistoria. Ingen andre har kunna skilta med to seriemeisterskap og eitt cupgull med Brann.
Ikkje la deg lura. Om nokon skulle utfordra Kniksen si merittliste, betyr ikkje det dermed at dei utfordrar Kniksen som ikon. Det skal meir til.
Denne hausten er det faktisk ein Brann-spelar som kopierer dei sportslege bragdene til legenda.
Berre 20 år gammal sikrar Signe Gaupset sitt andre seriemeisterskap i Brann-drakt, og ho har allereie eit cupgull på samvitet.
Å løfta pokalen kjem til å vera det aller siste Gaupset gjer som Brann-spelar, før ho reiser vidare til London.
Sjølv om det er litt urettferdig, og fleire av lagveninnene har vore med på dei same bragdene: Det var ho som avgjorde cupfinalen i 2022, det var ho som sikra ei sensasjonell poengdeling mot Lyon i Champions League i førjulsstria i Åsane i 2023, og ho har vore i ein klasse for seg i gullsesongen som vert avgjort med pokalløft på Stadion laurdag.

I desember 2023 gav Gaupset heile Bergen ei solid julegåve. Brann spelte 2-2 mot verdsstjernene frå Lyon.
Foto: Paul S. Amundsen/NTB
I sin vektklasse, altså kvinnefotballen, har Signe Gaupset skrive seg inn i brannhistoria med gullskrift.
Berre for å vera veldig tydeleg på det: Nokon Kniksen vert ho ikkje, av den grunn.
Til det har rett og slett ikkje kvinnefotballen for liten status. Sjølv om Gaupset har vore med på å skapa eit heilt nytt engasjement rundt kvinnefotballen i Norge og Bergen, er det ganske langt igjen til ein kan samanlikna med engasjementet om herrefotballen i Brann.
Ein kunne av politiske grunnar håpa at det var annleis. Men slik er det berre.
Faktisk er denne Roald Kniksen Jensen eit så stort namn, at eg vil komma med ein ganske dryg historisk påstand:
Det engasjementet som Kniksen skapte rundt Brann i Bergen og på Strilelandet på 60-talet, var unikt i norsk målestokk. Det er dei nedarva elementa av det Kniksen skapte, som gjer at Brann og Bergen i større grad enn alle andre i dette landet har omfamna kvinnene til Brann.
Den heilt spesielle relasjonen mellom lag og by, som berre eit ekte ikon kan skapa.
Å vera god i fotball er slettes ikkje nok. Som ung var eg så heldig å få sjå Tore André Flo i Brann-drakt. Ingen andre, i mi levetid, har gjort det same med ein ball på Stadion. Sjølv i møte med stjernene til Liverpool og PSV.
Sjølv om det var tilløp til eufori då stryningen skåra tre i avskjedskampen på Stadion, er ikkje Tore André Flo ei Brann-legende. Tvert imot.
Til det var måten Flo reiste frå Stadion for opprivande. Sjølv om Flo visst nok betalte ein del til Brann frå eiga lomme, stakk det djupt at han gjekk til Chelsea som bosman-spelar utan at Brann fekk ei krone i overgangssum.
I staden var det den langt meir begrensa kulthelten Geir Hasund, som levde vidare som den verkelege mytiske karakteren frå Flo sin epoke i Brann.

Der og då kunne det nok verka rart at Geir Hasund vart ei større Brann-stjerne enn langt meir talentfulle Tore Andre Flo.
Foto: EIRIK HAGESÆTER
Også når det gjeld Signe Gaupset kunne Sportsklubben Brann ha sete igjen med meir pengar. Andre klubbar med feitare lommebok har vore villige til å bla opp. Likevel fekk Gaupset det som ho ville, og vert gjenforent med gamletrenaren Martin Ho i Tottenham Hotspur.
Det kjem neppe til å sverta ettermælet til 20-åringen. Til det har ho brukt meir av tida si i Brann enn nokon kunne ha forventa.
Laurdag hadde alle jenter med bøttehatt, alle med hjarta i Brann, og ikkje minst Signe Gaupset sjølv uansett fortent ein avskjedskamp ala den Tore André Flo fekk i 1997.
Eit skikkeleg farvel med ein spelar som har skapt publikumsopplevingar ingen annan kvinneleg fotballspelar har skapt på norsk jord. Ja, det er verkeleg det me snakkar om.
Det punktumet får me aldri sjå. Eit usselt gult kort i nest siste kamp gjer at Gaupset ikkje får den sjansen.
Det er synd. Kvinnefotballen treng nemleg fleire av dei mytiske historiene som nettopp dette kunne ha vore. Kor var du då Signe Gaupset spelte sin siste kamp for Brann?
For dette er ei historie som ingen har skrive før. Ei historie med ukjend slutt. Kva status vil Signe Gaupset ha i Brann og Bergen om fem, ti, femten, ja, femti år?
Svaret vil avhenga av både Signe Gaupset og Sportsklubben Brann.
I beste fall: Dersom Gaupset ein vakker dag skulle henta heim ein gullball, eller avgjera ein finale i Champions League, noko som ikkje er heilt utenkeleg, men samtidig eit enormt trongt nålauga, vil Brann-fansen akkurat som Sporting-fansen i Lisboa, kunna mala ein myte om at det heile starta i Brann og Bergen.

Aitana Bonmati, som har vunne gullballen tre gongar, trøysta Signe Gaupset etter kvartfinale-exiten mot FC Barcelona i fjor.
Foto: Skjalg Ekeland
Slik Christiano starta i Lisboa, starta Signe i Bergen. Signe Gaupset vil i det minste verta nemnd blant dei store i Brann.
I verste fall: Dersom Sportsklubben Brann ikkje greier å bygga vidare på den gnisten som Gaupset og resten av damene i Brann har skapt, kan historiene om dette eventyret i framtida berre vera for spesielt interesserte.
I tillegg kjem det an på om nokon greier å ta plassen til Gaupset. Eit sentral perspektiv i historia om Kniksen, men òg andre legender, handlar nemleg om at det ikkje var nokon som greidde å fylla dei store skoa, og den dagen det kunne ha skjedd, hadde skoa vakse seg så store at det eigentleg var heilt umogleg.
Fotballikon vert uansett ikkje kåra av nokon jury, nokon ekspert, eller nokon komité. Her finst det slettes ingen kjønnskvotering, ingen sympatistemmer, ingen eksakte kriterium.
Her er det mytane, kjenslene, og forteljingane til dei som verkeleg bryr seg som rår. Skal me vera ærlege, er sjansane ganske små.
Det er uansett berre å ønska Signe Gaupset lykke til vidare, og takka for alt ho har gjort for Bergen og Brann. Så er det berre å håpa at framtida er slik at òg kvinnelege fotballspelarar ein gong kan skapa mytar som er større enn seg sjølv.
Signe Gaupset har snakka for seg med beina og ballen. Ingenting anna. Ho har gjort det ho kunne.

Signe Gaupset har lete andre ta seg av dei utanomsportslege krumspringa. Det er utelukkande det 20-åringen har gjort på bana, som gjer henne til den største spelaren i den korte kvinnehistoria til klubben.
Foto: Emil Weatherhead Breistein