(Sogn Avis): Det seier Leif Inge Åstveit. Arkeologen ved Universitetet i Bergen er litt uroleg om dagen.
– Vi får ofte kritikk fordi vi ikkje deler resultat og at vi er dårlege til å formidle spektakulære funn. Denne gongen tenkte vi at no skulle vi gjere det ordentleg.
Difor gjekk dei høgt ut med det spektakulær funnet på Aurlandsfjellet. Der har Arkeologar frå Vestland fylkeskommune og Universitetsmuseet i Bergen denne hausten arbeidd intensivt med å kartleggje og dokumentere eit fangstanlegg for reinsdyr.
– Funnet har gått viralt, fortel Åstveit.
No er han redd for at den store interessa gjer at folk tek seg opp til staden på eiga hand og tek med seg ein «suvenir».
– Det er straffbart
– Det er strengt ulovleg og straffbart. Og det er øydelegging av vår felles kulturarv. Det er ein grunn til at vi ikkje alltid vil dele så mykje om det vi finn, fordi vi veit at folk synst det er spennande.
Åstveit kan ikkje nekte folk å oppsøkje funnstaden, men har ein tydeleg beskjed.
– Det er ikkje lov til å forsyne seg av ting.
Arkeologane har vore mykje på funnstaden i haust og Åstveit seier dei har lagt merke til at folk har vore der.
– Det har forsvinne ting. Det er nokre pinnar som er vekke. Folk trur gjerne ikkje det er viktig at det får liggja, men det er det. Det er veldig viktig at dei får liggje akkurat slik dei ligg, for at vi kan forstå korleis ting heng saman.
– Alle snakkar om det
Torsdag var Åstveit i Tromsø saman med 150 arkeologar.
– Alle snakkar om dette funnet.
Men det har ikkje berre skapt nasjonal interesse.
– Det er interesse frå Island, Amerika og Sverige.
– Kvifor er det så stor interesse for dette?
– Fordi dette er noko vi aldri har sett før. Det er eit heilt anlegg som har kome ut av isen og det er godt bevart. Kvar pinne er verdifull og det er eit empirisk materiale. Dette kan gje oss mange svar.