– Når eg tenkjer på døden no, tenkjer eg på Nagijalia, høyrer eg ei ung jente seie etter framsyninga.

Korleis få i gang ein samtale om døden? Dette var regissør, Miriam Prestøy Lie, sitt utgangspunkt for å skape eit teaterstykkeom Brørne Løvehjarte.

Gripne

Frå første augneblink var publikum gripne, trass i at starten var litt langtekkeleg. Teaterframsyninga kombinerer enkel scenografi med sterke visuelle og musikalske verkemiddel – ei tolking som legg stor vekt på kjensler, modning og søskenkjærleik.

Hovudpersonar i forteljinga

Karl (Kavring) – spelt av Filip Kremner: er den yngste broren. Han er sjuk, redd og usikker i starten, men utviklar seg til å bli modig gjennom forteljinga. Han fungerer også fleire gonger som forteljar, og held monolog på scena mens det går føre seg ting i bakgrunnen.

Jonatan – spelt av Jonas Stene Skjelde: er storebroren – modig, snill og omsorgsfull. Han er den som tek ansvar både heime og i Nangijala, og han blir ein naturleg leiar i kampen mot Tengil.

Mora – spelt av Idun Losnegård: er berre med i byrjinga av boka. Ho er utsliten og fattig, og viser kor vanskeleg livet er for brørne før dei kjem til Nangijala. Ho forsvinn heilt frå historia etter brannen.

Sofia – også spelt av Idun Losnegård: er duedronninga i Kirsebærdalen. Ho er ein klok og viktig del av motstanden mot Tengil. Ho brukar duene sine til å sende bodskap mellom dei frie dalane.

Mattias (farfar som Karl kallar han i historia) – spelt av Kyrre Eikås Ottersen: er ein eldre mann i Klungerdalen og ein av dei mest sentrale motstandarane. Han gøymer Jonatan, hjelper Karl vidare, og fungerer som ein slags farsfigur i Nangijala. Han lærer Karl at mot handlar om å handle trass i frykta. Mattias sin død blir eit viktig vendepunkt i forteljinga.

Orvar – spelt av Jacob Nasseri: er den store helten som alle set si lit til. Han var ein av dei fremste i kampen mot Tengil, men vart fanga. Å frigjere Orvar er heilt avgjerande for at opprøret skal lykkast. Han er modig, uredd og ein inspirasjon for både Jonatan og Karl.

Jossi – også spelt av Kyrre Eikås Ottersen: er vertshushaldar i Kirsebærdalen. Han verkar hyggeleg i starten, men viser seg å vere ein forrædar som samarbeider med Tengil.

Hubert – også spelt av Jacob Nasseri: er ein av dei første personane Karl og Jonatan møter på vertshuset hos Jossi. Han er ein jordnær, litt munnrapp og humoristisk karakter, som brukar dialektord som «dao so». Hubert er lojal mot dalane, men i starten av forteljinga trur fleire han er forrædaren. Etter kvart blir han ein viktig alliert i kampen mot Tengil.

Tengil – dekka til med raud kappe, men truleg spelt av Idun Losnegård: er tyrannen som styrer Klungerdalen med brutalitet og frykt. Han held innbyggjarane i fangenskap og kontrollerer den farlege draken Katla gjennom hornet sitt.

Overgangen frå den mørke, fattige verkelegheita der Karl er sjuk, til eventyrverda Nangijala, skapar sterke kontrastar.

Brannscena der ein animert skugge spelt av Jonatan hoppar ut vindauget med Karl på ryggen, i tillegg til replikkar som «Ikkje gråt, kavringen min, vi sjåast i Nangijala», gjer overgangen til eventyrverda levande.

FLUKT: Brørne løvehjarte på flukt frå det vonde i Klungerdalen.
Foto: David Zadig

Hjarte i framsyninga

Rollene Karl og Jonatan var hjarte i framsyninga. Karl sin reise – frå redd, sjuk og utrygg til den som seier «Eg er ingen liten lort» – vart spelt med ei sårbarheit som rørte dei fleste. Jonatan var varm, trygg og smilande – den perfekte motvekta.

Birollene var tydelege og leikne. Jossi, som er ein morosam og tvitydig karakter heilt til maska fell. Hubert, som skapte latter med «dao so» og andre dialektfarga replikkar. Sofia, duedronninga, som var ein modig karakter særleg mot kampen på slutten, i tillegg til eit truverdig anker i historia.

HJELP: Mattias (farfar) passar på gutane i sin tøffe kamp mot Tengil.
Foto: David Zadig

Nokre replikkar verka litt overdrivne, men kanskje nødvendige fordi førestillinga skulle treffe eit breitt publikum. Humoren og leikenyheita trefte målgruppa tydeleg, med mange barn som lo høgt i salen.

Tek publikum med inn

Scenografien var enkel, men svært effektiv. Eit eksempel er hestehovuda som , der skaparane har fanga det uskyldige blikket hestar har. I bakgrunnen var det , og lys som målar stjernehimmel og skapte ei eventyrleg atmosfære. I møtet med Tengil og Katla vart lyset skarpare, mørkare og meir truande. Bruken av lys mot salen førte publikum tettare på innbyggarar i Klungerdalen.

UNDER STJERNHIMMELEN: lys, lyd og rekvisittar gjorde framsyninga levande.
Foto: David Zadig

Musikken var vekslande mellom roleg og dramatisk og bar stemninga utan å ta fokus. Songen «Skål for Karl vår nye mann» og dei rolege sekvensane med stjerner og dis var høgdepunkt.

Tematikk og tolking

Regissøren har valt ei tolking som er både sår og dramatisk. Tema som mot, det gode mot det vonde, søskenkjærleik, dødsangst og fridom blir formidla på ein måte som både barn og vaksne forstår.

Kjensla av fantasi og leik – «Korleis kan eg gjere alt i Nangijala?» – låg side om side med mørkare motiv, som undertrykking, svik og offer. Dette gav framsyninga god balanse.

FJALER: I framsyninga har Jonatan og Karl eigne hestar. Namna er Fjaler og Grim.
Foto: David Zadig

Det som kunne vore betre

Starten kunne opplevast litt treig. Nokre biroller (som mora og Mattias) kunne fått meir tydeleg nærvær. Men dette er små justeringar i ei elles sterk framsyning.

Mot slutten var det ikkje stille, men snufs og utpust som fylte salen. På veg ut høyrde eg både vaksne som sa «dette var heilt fantastisk» og barn som sa «spennande!» og «eg vil sjå den igjen».