PODKASTDUO: Ekteparet Erling og Solveig Thu.
Alice Tegle
– Me brenn for å dela evangeliet med barn og unge, seier det bokaktuelle ekteparet frå Randaberg. Dei trur eldre forkynnarar kan bidra med noko som yngre ikkje kan.
Bestefarsklokka i finstova har akkurat slått to tunge slag. I sofaen sit ekteparet Erling og Solveig Thu, klar til å spela inn nyaste episode av podkasten deira, «Takkepodden».
Erling festar ein ekstern mikrofon på produsent og ektefelle Solveig. Så finn han fram opptakar-applikasjonen på mobilen.
Ho sit klar med handskrivne notat, gir Erling eit lite nikk – og så er dei i gang.