Skolestreik for klimaet er blant dei mange venstreorienterte aktivistiske gaterørslene frå dei siste tiåra som er utan medlemslister og har vanskar med å opptre strategisk og disiplinert, skriv Astrid Sverresdatter Dypvik.
FOTO: Ole Berg-Rusten / NTB
Kommentar
Kvifor har venstresida i Vesten protestert så mykje, og samtidig fått til så lite dei siste tiåra? Belgiaren Anton Jäger har eit svar.
Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.
I boka «Hyperpolitikk»
skildrar den belgiske idéhistorikaren Anton Jäger eit skipsforlis utanfor Azorane
i 1957. Lasteskipet Palmir var på veg frå Buenos Aires til Hamburg med ei last
bygg, men hamna i hardt ver. Skipet sendte ut SOS-signal. Så vart det sporlaust
borte. Det var tilsynelatande eit mysterium. Skipet var bygd for å tole orkan.
Feilen viste seg å ligge i lasterommet. Då bygget vart heist om bord, vart det
gjort i full fart. Ingen tok seg bryet med å fylle kornet i sekkar, det vart
lagt laust i lasterommet. Og slik vart katastrofen skapt. Då kornet byrja krenge,
var rørslene så ukontrollerte og uføreseielege at det tunge lasteskipet ikkje
klarte å rette seg opp. Skipet og lasta forsvann ned i avgrunnen. Berre seks av
eit mannskap på 86 overlevde.
Alle kan arrangere eit karnevalsopptog. Spørsmålet er kva som er att neste morgon.
Dette er,
ifølgje Jäger, ikkje mindre enn eit perfekt bilete på vår hyperpolitiske
samtid. Det er mørkt. Men for Jäger handlar det ikkje om ei verd som er dømt
til undergang. Det handlar om farane knytt til fragmentering, individualisering
og gamle institusjonar som forvitra. Hyperpolitikk er når denne oppløysinga av
fellesskap går hand i hand med ei sterk
politisk polarisering.
Manglande
samhald i ei tid som harmonisk og føreseieleg er ein ting. I ei uroleg tid som
vår med klimakrise, krig i Ukraina og Midtausten, tillitskrise, og fordelingskrise, er verknaden øydeleggjande.
Fragmenteringa gjer diskusjonen tung, og det er vanskeleg å etablere ei
samlande kraft for endring.
Jäger er
politisk aktiv på venstresida og byrjar analysen sin av hyperpolitikken på
1990-talet, i etterdønningane etter den kalde krigen. I desse åra var refrenget
om at frie marknader skaper uendeleg velstand og fridom for alle menneske så
einerådande at dei som tenkte annleis brukte slagord som «ei anna verd er
mogleg». For var det eigentleg mogleg å sjå for seg noko anna? Mange
opplevde det som ei lite politisk tid. Folk var opptatt av så mykje anna.
Det var i
desse åra at samfunnsberande organisasjonar mista fotfeste over heile den
vestlege verda. Jäger skriv at DGB, det tyske motsvaret til LO, hadde 12
millionar medlemer i 1991 og berre 5,7 millionar tretti år seinare. I USA står
fagrørsla svakare enn ho gjorde for tretti år sidan. Jäger viser også til
statistikkar som viser at færre amerikanarar enn før er religiøse. I
Storbritannia og Italia taper kyrkja terreng. Denne typen fellesskap som vart
skapt av kyrkje og fagrørsle forma både ei kjensle av å høyre til, og eit syn
på samfunnet hos dei som tok del.
Ei bør med sprikende staur
Jäger
skriv om dei mange venstreorienterte aktivistiske gaterørslene frå dei siste
tiåra: Occupy Wall Street, Greta Thunbergs skolestreik for klimaet, den spanske
sosiale rørsla Los Indignados, og påpeikar ein strukturell likskap. Dei er utan
medlemslister og har vanskar med å opptre strategisk og disiplinert. Han siterer
den slovenske filosofen Slavoj Žižek som sa at alle kan arrangere eit
karnevalsopptog, spørsmålet er kva som er att neste morgon. Og det er dette
Jäger eigentleg er opptatt av. Bokas undertittel er «ekstrem politisering uten
politiske følger».
Det gjeld
iallfall for den typen rørsler Jäger set sitt håp til. Boka blei utgitt i 2023,
så Jäger inkluderer også diverse ytre høgre-rørsler i analysen. Med Donald
Trump som president i USA har det skjedd ei så radikal og rask omkalfatring av landet
at ein må kunne snakke om ei hyperpolitisert tid med enorme politiske endringar.
Dette sa Jäger seg også einig i då han besøkte Norsk Sakprosafestival for nokre
veker sidan.
Analysen
hans byr likevel på ei slags forklaring av dette. Han skriv at den radikale høgresida
verkar vere betre organisert enn venstresida. MAGA-rørsla er knytt til sterke kyrkjesamfunn
og organisasjonar som National Rifle Association, som samlar folk frå USAs
periferi og eliten i det republikanske partiet. Jäger skriv også at samfunnets
øvste sjikt gjerne har ein distinkt felles kultur: dei sender barna på dyre
elitskoler, pleier nettverk som krev ein spesiell livsstil og luksusforbruk som
ingen andre kan henge med i. I tillegg ser det ut som om dei har ein plan.
Stadig meir av tenketanken Heritage Foundations notat Project 2025 blir gjort verkeleg i dagens USA.
Jäger
skildrar eit havari. Men han har også håp. Jäger knyter det til reinstitusjonalisering.
Det er eit langt ord for medlemsorganisasjonar med struktur og strategi. Dei
siste åra har iallfall vist oss at den som vil ha sosial rettferd, grønt skifte
og solidaritet ikkje kjem særleg langt om ein held seg til nettbaserte indignasjonsfellesskap.
Få nyhetsbrev fra Dagsavisen. Meld deg på her!
Er det nettopp deg vi leter etter?