Politiet melder at det har vore ei trafikkulykke i Ålesund, i nærleiken av Magerholm ferjekai.

Det skal vere ein lastebil og ein personbil involvert.

Operasjonsleiar i politiet, Espen Andrésen, seier at det ikkje framstår som ei alvorleg ulykke.

Politiet er framme på staden, og det er store materielle skader på personbilen.

Bilførar framstår ikkje som skadd, men har framleis ikkje blitt sjekka av helsepersonell, melder politiet.

Den involverte lastebilen hadde forlate staden før politiet kom fram. Politiet jobbar no med å få opplysningar om denne.

Klokka 21:24 melder politiet at førar av personbilen blir tatt til legevakt for sjekk, og at bilbergar er på veg for å hente bilen.

I ei ny oppdatering klokka 21:50 melder politiet at dei har fått kontakt med lastebilsjåføren, som har blåst over lovleg grenseverdi på alkoholprøve.