Samla energibruk i Noreg gjekk ned 6 TWh frå 2023 til 2024, tilsvarande ein reduksjon på to prosent
Noregs vassdrags- og energidirektorat peikar mellom anna på overgang frå fossilbilar til meir energieffektive elbilar som ei av årsakene.
– Samla energibruk i Noreg går ned fordi vi har erstatta fossile bilar med meir energieffektive elbilar, og fordi straum frå land erstattar mindre effektive gassturbinar på sokkelen, seier Maren Esmark, seksjonssjef i NVE.
Rapporten ser på samla energibruk, som omfattar alle energivarer i alle sektorar i Noreg. Det er straum, fjernvarme, bioenergi, oljeprodukt, gass og kol.
Blant det som trekkjer opp energiforbruket, er datasenter. Her har det vore ein 50 prosents auke i straumforbruk første halvår 2025, samanlikna med i 2024. NVE ventar at straumforbruket frå datasenter vil halde fram med å auke framover, med ei rekke planar om å byggje fleire.
Samtidig har bygningar vorte meir energieffektive, og det er venta ei vidare effektivisering fram mot 2030. Likevel er vi ikkje heilt i rute for å nå målet om 10 TWh reduksjon innan 2030.
Målet om 30 prosent reduserte energiintensitet innan 2030 er heller ikkje heilt i rute. Mellom 2015 og 2024 har energiintensiteten i Fastlands-Noreg så langt gått ned med 13 prosent.
Energiintensitet måler kor effektivt vi bruker energien opp mot den norske verdiskapinga målt som bruttonasjonalprodukt (BNP) for Fastlands-Noreg.
(©NPK)