Det blei dramatikk på Noregs Fiskarlag landsmøte onsdag.
Det har vore usemje i Noregs Fiskarlag i fleire tiår. Konflikten har mellom anna dreidd seg om korleis fiskekvotane skal fordelast mellom hav- og kystfiskeflåten. I tillegg har det vore stor usemje om maktfordelinga internt i fiskarlaget.
Det er tre grupper i fiskarlaget. I tillegg til interesseorganisasjonen Fiskebåt er det Sør Fiskarlag og Nord Fiskarlag.
Då Nord Fiskarlag blokkerte for vedtektsendringar i fiskarlaget valde Fiskebåt å melde seg ut.
– Det er ein årelang prosess der vi har bede om å få bli likestilt på representasjon på landsmøtet og at vi ynskjer å etablere formelle barrierar mot å gjere endringar i ressursfordelinga, seier Christian Halstensen, leiar i Fiskebåt.
Andre alliansar
Dette er det andre landsmøtet der Nord Fiskarlag har blokkert forslaget.
Fiskebåt har no sendt ei formell utmelding til fiskarlaget.
– No skal vi anten bygge oss sterkare som ein egen organisasjon, og finne andre alliansepartnarar opp mot andre system, som LO, NHO, seier Halstensen.
Det andre alternativ er å finne ei løysing saman med Sør Fiskarlag.
Kva betydning har dette for fiskarane?
– Det er sjølvsagt ikkje bra at fiskarane splittar seg og ikkje klarer å stå saman. Det er absolutt ikkje optimalt, seier Halstensen. Men dei ulike interessene og måten å drive på gjer det vanskeleg, meiner han.
I årevis har det vore usemje om fordeling av ressursane mellom kystfiskarane og den havgåande flåten.
Foto: Gunnar Sætra / NRK
Vil ha større kvotar i nord
Nord Fiskarlag meiner at kystfiskarane i nord bør få større kvotar, noko dei andre flåtegruppene ikkje har vore einige i. Alle krava til Nord Fiskarlag om ny fordeling av lodde, brosme og lange blei nedstemt på landsmøtet.
For å endre vedtektene slik Fiskebåt ville, krevde det to tredjedel fleirtal. Nord Fiskarlag var då i posisjon til å blokkere dette.
Roger Hansen, leiar i Nord Fiskarlag synest det er beklageleg at Fiskebåt har meldt seg ut.
Leiar i Nord Fiskarlag Roger Hansen har trua på framtida til fiskarlaget sjølv om fiskarbåt hare meldt seg ut. – Noregs fiskarlag er der. Vi har framleis ca. 400 medlemmer igjen.
Foto: Simen Wingstad / NRK
– Det er utfordrande for organisasjonen og for de norske fiskarane, men dersom vi tar ansvaret våre som tillitsvalde og som medlemmer av Noregs fiskarlag, så ser eg potensial og moglegheiter framleis.
Vidare opplyser han at det står i vedtaka fil fiskarlaget at man som medlem skal sitte gjennom ein heil landsmøteperiode på to år.
– På dei to åra skal vi få til et både konstruktivt og godt samarbeid både med Sør Fiskarlag, Nord Fiskarlag og Fiskebåt. Så får vi håpe at vi til slutt landar dette på ein konstruktiv og god måte.
Publisert
19.11.2025, kl. 15.07
Oppdatert
19.11.2025, kl. 17.02