Klokka 08.13 vart politiet varsla om eit trafikkuhell i Fjaler, der ein kranbil var meldt å ha velta.

Ikkje personskade

Politiet har vore på staden og gjort undersøkingar, og det er ikkje personskadar i høve uhellet.

Patruljen deira er på staden og samtalar med kranbilføraren.

Kranbilen ligg på utsida av vegen, og operasjonssentralen skriv at det ikkje skal vere trafikale problem. Dei hintar rett nok til at det kan bli stenging av vegen i høve berging. Samstundes vert det opplyst at vegen er lite trafikkert, og at ei vegstenging vil ha avgrensa betydning.

Det skal ikkje vere mistanke om rus.

Hamna utfor vegkanten

Uhellet skal ha skjedd i ein sving, der kranbilen har hamna utanfor vegkanten og deretter sklidd utfor.

Operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen fortalde til Firda i 09.35-tida at kranbilen var opplyst å ha kjettingar på og gode dekk.

Føraren har forklart til politiets patrulje på staden at han ikkje klarte å få kranbilen opp att på vegen då den byrja å miste festet.

Brannvesenet følgjer opp på staden med tanke på eventuell fare for forureining.

Vegen vil elles bli stengd nokre timar i høve bilberging, og lokale bebuarar skal vere varsla om dette.

Firda oppdaterer saka.