I dag kostar eit pass og nasjonalt ID-kort for vaksne 800 kroner. I forslaget til statsbudsjett neste år, blir det lagt opp til å auke prisen med 40 kroner til 840 kroner.
Det skriv justisminister Astri Aas-Hansen (Ap) i eit svar på eit skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Bent-Joachim Bentzen (Sp).
For barn blir det planlagt å auke prisen med 30 kroner, til 510 kroner for pass og ID-kort. Prisen på nødpass for vaksne aukar med 70 kroner, til 1320 kroner.
Aas-Hansen grunngir prisauken med betre samsvar mellom inntekter og utgifter, mellom anna på grunn av den generelle prisstigninga.
– Dette er om lag 20 kroner lågare enn det elles ville vore dersom vi ikkje hadde foreslått å leggje ned 14 av dei 15 nye passkontora, skriv ho.
(©NPK)