Leander Djønne mottok nyleg Oktoberprisen for forfattarskapen sin. Torsdag kveld blei han tildelt Brageprisen i kategorien skjønnlitteratur.
Han får prisen for den andre romanen sin «Alt et», gjeven ut på Forlaget Oktober.
– Leander Djønne køyrer vilt og hardt inn i mørket og nektar å sleppa nokon form for lys inn. Språket er kontant, konkret og uforsonleg. Å finsila så mykje vondskap over til litteratur er ei kraftprestasjon, skriv mellom anna juryen om romanen.
Brageprisen består av ei statuett laga av kunstnaren Børre Larsen og eit pengebeløp på 75 000 kroner. Prisen blir delt ut av stiftinga Den norske bokprisen, med Forleggarforeininga som sekretariat.
– Utruleg. Ei ære å vinna Brageprisen, seier Djønne til HF.
For debutromanen «Oskespiralen» fekk Djønne Lytternes romanpris i 2022.
Leander Djønne fekk tidlegare i år Oktoberprisen 2025.
Foto: Eivind Dahle Sjåstad

BRAGEPRIS: Boka Alt et av Leander Djønne.
I et intervju med HF førre veke sa Djønne at det var stas berre å bli nominert.
– Det veg tungt. Det er eit trongt nålauge berre å bli nominert. Eg føler eg ikkje treng å vera så usikker på det litterære lenger, sa han berre ei veke før han fekk den gjeve prisen.
Les også
Leander (44) står opp om natta for å jobba: – Ingenting kjem gratis
Åsne Seierstad fekk også Bragpris for «Ufred. Russland frå innsida». I kategorien sakprosa for barn og unge stakk Erna Osland (f. 1951) av med prisen for «Barnas verdshistorie», som er illustrert av Victoria Sandøy. Osland vann sin første Bragepris for 26 år sidan for «Salamanderryttaren».
Brageprisen har sidan 1992 årleg vore delt ut for å heidra ny, norsk litteratur. Bak står stiftinga Den norske Bokprisen. Årets prisutdeling fann stad torsdag kveld på Vulkan arena i Oslo.
Vil du se neste video?
Den nye humpen skaper trøbbel0:42
Leander Djønne (44) balanserer livet som småbarnsfar, kunstnar og verksemdsleiar i kommunen. No er han nominert til Bragepris.

Frå utdelinga av Brageprisen 2025 på Vulkan arena.
Foto: Fredrik Varfjell
