Det skjedde første gongen 13. november, då to elevar frå Hasund skulekrins vart forsøkt lokka inn i ein bil.
Fredag er det ein elev frå Ulsteinvik skulekrins som har vore ute for ei liknande oppleving.
I meldinga til dei føresette skriv kommunalsjef Karen Strand i Ulstein kommune at eleven handla rett ved å ikkje gå inn i bilen og raskt varsla ein vaksen.
Der ber ho dei føresette om:
-
Å snakke med barna om viktigheita av å seie nei til framande og halde seg på trygt området
-
Minne barna om å gå saman med andre når det er mogleg, og å varsle ein vaksen dersom noko uvanleg skjer
-
Ta kontakt med skulen eller politiet dersom ein har informasjon som kan vere relevant
«Vi forstår at dette kan skape uro, men vi gjer alt vi kan for å sikre tryggleiken til elevane våre. Vi er i kontakt med politiet og vil følgje opp dette vidare», skriv kommunalsjefen i meldinga.