Kort oppsummert

  • Abi Kapasi vart uttransportert frå Noreg til India midt på natta.

  • Anken hans er sendt inn, men behandlinga kan ta opptil eitt år.

  • Kapasi kjenner seg framand i India og lengtar tilbake til Volda.

Samandraget er laga av KI-verktøyet ChatGPT og kvalitetssikra av våre journalistar.
Les meir om korleis vi forheld oss til kunstig intelligens..Vis meir

Dagen hadde vore ein av dei beste på lenge for Abi Kapasi. Han hadde vore på bana med vennene sine i VSI (Volda Studentidrettslag) og delteke i turneringa som avsluttar semesteret – seks timar med volleyball, kostyme, pizza og godt oppmøte.

Abi som volleyballdommar. Foto: Privat

– Det var det største arrangementet eg har vore med på, og sidan eg for første gong sat i styret, var eg ekstra stolt, seier han.

Då han kom heim, trøytt men nøgd, sat han lenge og snakka med kjærasten.

– Ho hadde følt seg litt oversett fordi eg hadde vore så oppteken i det siste, så vi bestemte oss for å sjå film og ete middag saman på FaceTime. Vi planla til og med at ho skulle kome på besøk i desember.

– Eg følte for første gong på lenge at vi faktisk kunne lage framtidsplanar. Vi sa god natt – og nokre minutt seinare banka det på døra.

Utanfor stod politiet.

– Det var umenneskeleg

– Dei gav meg ikkje noko val. Eg måtte pakke og bli med dei med ein gong. Eg prøvde å snakke med dei, men dei sa at avgjerda var teken og endeleg. Eg fekk ikkje lov til å ringe nokon, berre advokaten min, men klokka var to om natta, og ho var så klart ikkje våken.

Grunngjevinga han fekk var at det var praktisk sidan dei hadde bestilt eit fly klokka halv sju på morgonkvisten.

– Kanskje det stemmer, men dei kunne i det minste ha informert meg. Å bli henta midt på natta og frakta ut av landet på den måten … det var umenneskeleg. Dei sende meg bort til ein stad som ikkje lenger følast som heimen min.

Abi studerte Master in Media Practices på Høgskulen i Volda. Foto: PrivatAnken vart sendt inn – og UDI sende saka vidare

Saka til Abi har halde på lenge, og han trudde lenge at det skulle bli lys i enden av tunnelen. Men bakgrunnen for situasjonen hans går tilbake til februar – til eit brev han aldri fekk.

I august fekk han ein telefon frå politiet i Ålesund: Søknaden han leverte i september 2024, var blitt avslått allereie i februar 2025. Klagefristen gjekk ut i mars.

– Men eg hadde aldri fått det brevet, seier han.

UDI meiner vedtaket vart sendt til Digipost, men Abi er ikkje registrert der. Deretter vart det sendt i vanleg post til studentbustaden hans.

– Dei seier det første brevet kom i retur, men at det andre ikkje gjorde det. For meg gir det ingen meining – om det første ikkje kom fram, korleis skulle det andre gjere det?

UDI peika på «for lite pengar på konto» og forseinka studieframdrift. Abi meiner alt dette lett kunne vore dokumentert, dersom han berre hadde fått sjansen.

– Om eg hadde fått det avslaget i februar, kunne eg enkelt ha klaga. Eg kunne vist oppdatert kontoutskrift og at eg framleis var aktiv student. Eg fekk aldri den sjansen.

Forseinkinga skuldast ein skade – noko regelverket opnar for – og universitetet har stadfesta at han er fulltidsstudent.

– Å reise tilbake ville bety å kaste bort alt eg har jobba for, sa han.

Då helsa brast

Advokaten hans rakk å sende inn anken før dagen Abi opphavleg var beden om å forlate landet, 1. november. Dei leverte all dokumentasjonen dei klarte å samle inn.

– Vi sende inn alt av dokumentasjon vi hadde, og alt morgonen etter fekk vi svar frå UDI om at saka var sendt vidare til UNE, fordi dei meinte det ikkje var noko nytt. Det er merkeleg, for dette var første gong vi sende inn anke. Alt var nytt. At dei svarte på ein halv dag, gjer meg skeptisk, seier han.

Han har til og med prøvd å få kontakt med saksbehandlaren sin i UDI, men ho har ikkje svart.

Abi forklarer at i det førre vedtaket hadde UDI skrive at han ikkje hadde rett til å bli i Noreg medan anken vart behandla. Han skulle eigentleg reise 1. november, men den mentale helsa hans forverra seg kraftig.

– Eg fekk søvnproblem, angst, negative tankar, og vart til slutt innlagd på psykiatrisk avdeling i nokre netter. Eg kunne ikkje reise då. Politiet sa dei forstod og bad om dokumentasjon, og eg prøvde å sende det, men før eg rakk det, sto dei på døra.

Abi med vennane sine. – Heimen min og familien min er her i Volda, seier han. Foto: Privat– Eg ville skrike

Kvelden før hadde vore så god. Kontrasten til natta som følgde, vart brutal.

Nokre av dei i VSI – det var ein dag med volleyball, kostyme, pizza og godt oppmøte. Foto: Privat

Abi sov ikkje heile natta. Politiet køyrde han først til politistasjonen, deretter til Gardermoen. Det vart siste gong han var nær Volda. Derfrå gjekk ferda vidare til Oslo, til Warszawa og til slutt til New Delhi. Ingen hjelpte han med å kome seg vidare heim, så det måtte han ordne sjølv.

På flyplassane kjende han seg som i eit tomrom: full av angst, i fornektelse, utan matlyst og utan evne til å drikke.

– Eg såg på menneska rundt meg, alle på veg til sine destinasjonar, og tenkte at dei ikkje ante kva som hadde skjedd med meg, seier han. – Eg ville skrike.

Han seier at han likevel prøver å halde hovudet klart og at han kjem ikkje til å gje seg.

Les òg:

Brevet som aldri kom øydela alt

Ventetid på kanskje eitt år

Advokaten har fortalt han at sjølve utreisevedtaket ikkje kan ankast. Hovudsaka ligg no hjå UNE, og ventetida kan vere opp mot 12 månader. Abi seier at innan den tid vil han ha vore lenge borte frå Noreg, og han fryktar at historia hans kan bli gløymd.

– Eg vil ikkje berre forsvinne, seier han.

Han kan heller ikkje flytte til Europa for å vere nær kjærasten i Tyskland eller vennene sine i Nederland og Belgia, fordi vedtaket gjeld heile Schengen-området.

Heime – men framandt

No er han tilbake i heimbyen i India. Det tok lang tid å kome dit, og alt kjennest framandt. Støyen, folkemengdene og kaoset gjer han utrygg.

– Eg føler meg heilt tapt, seier han. Eg saknar Volda. Eg saknar smaken på vatnet, stilla om natta, snøen. Alt.

Studentane skriv meldingar til Abi. Dei fekk ikkje sagt «ha det» til han før han blei deportert. På biletet: Noël Sartenaer. Foto: PrivatSterk støtte i Volda

Studentane i Volda har sett opp ein boks der folk kan skrive meldingar og vitnesbyrd til støtte for Abi. Alt er sendt vidare til han.

– Eg blir rørt kvar gong eg les noko. Støtta har vore enorm – frå studentar, professorar, universitetet og organisasjonar, seier han.

Enzo Dominguez, som jobbar for Pangaia ved Høgskulen i Volda, hadde etter tips frå Studentparlamentet sett opp ein stasjon der studentar som er påverka av deporteringa, kan skrive ei fysisk melding til Abi eller til UDI. Studenthumanisten har òg vore tilgjengeleg for dei som treng det.

– Eg lurte på kva vi kunne gjere, det har vore eit stort sjokk for oss alle, heilt uventa. Vi høyrde kva som hadde hendt dagen etter han blei deportert, og ingen fekk sagt «ha det». Det var ganske urettferdig mot han og ganske frustrerande, seier Enzo.

– Dei fleste er lei seg og frustrerte. Folk er i sjokk. Han har hatt stor innverknad på oss alle, så vi er håpefulle for at han ein dag kan kome attende, seier han.

Abi med ei av venninnene hans i Volda. Foto: PrivatKasta ut «som ingenting»

Abi peikar på at UDI ikkje vurderer tilknyting som student som grunnlag for opphald. Han meiner dette er feil.

– Sjå kor sterke band som kan skapast, seier han. Berre fordi eg vart fødd ein annan stad, blir eg behandla som om eg ikkje høyrer heime der.

Han meiner avgjerda vart teken på ein urettferdig måte, og at han vart kasta ut «som ingenting».

Det einaste han ønskjer no, er å kome tilbake: til vennene, tryggleiken, stilla og kvardagslivet i Volda.

– Noreg er heime for meg. Volda er heime, seier han stille.

Han håpar at så mange som mogleg vil dele historia hans.

– Om fleire deler dette, kan det kanskje nå fram til dei som har makt til å endre situasjonen, seier han.

Møre-Nytt har tidlegare vore i kontakt med UDI om denne saka. UDI har kommentert saka på generelt grunnlag, og ein kan lese meir om det i artikkelen linka under.