Saka oppsummert:
- Amund Korsæth frå Sarpsborg skada seg i sesongopninga på Beitostølen i 2024 etter eit fall som førte til skulder ute av ledd.
- Trass i skaden, viste han sterke prestasjonar og vann Norgescup-renn seinare i sesongen.
- Korsæth har hatt ein god treningshaust og føler seg sterkare enn nokon gong.
- Han satsar på å kvalifisere seg til OL i Italia i 2026, men må først prestere godt i verdscupen før jul.
- Laget hans, Team Elon Oslofjord, har eit høgt nivå, og trenar Ånund Lid Byggland har stor tru på at Korsæth kan hevde seg blant dei beste.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
Sesongopninga på Beitostølen er staden der draumar blir oppfylte og knuste. For Amund Korsæth blei det sistnemnde i fjor.
I semifinalen på sprinten, på opningsdagen, snubla Elde Holmboe rett føre sarpingen 5 meter frå mål. Eitt fall var uunngåeleg, og Korsæth stupte framover.
Resultatet: ei skulder ute av ledd og krisestart på sesongen etter 8 minutt effektiv skigåing.
– Det var ikkje heilt etter planen. Det sette meg litt tilbake.
Før fallet hadde han vist lovande takter. Landslagsløparar som Taugbøl og Northug hadde blitt slått ut, og Korsæth blei nummer 12 sjølv med fall.
Kor vondt var det?
– Det var så mykje adrenalin at eg nesten ikkje merka det. Men landslagslegen måtte dra så kraftig da skuldra skulle på plass at han nesten ikkje fekk det til.
Han kom tilbake utover vinteren og vann Norgescup-renn, men VM på heimebane blei det ikkje. Nå drøymer Korsæth om OL.
– Sterkare enn nokon gong
Løparen frå Trøsken IL i Sarpsborg er éin av mange langrennsløparar som held eit veldig høgt nivå, men rett bak landslaget. Ofte tek nokre av dei steget opp i løpet av ein sesong.
Korsæth håpar det er han sin tur.
– Det har vore mange gode testar og ein bra haust. Eg har trena bra med laget og landslaget. Eg kjenner at eg er sterkare enn nokon gong, og om alt klaffar kan eg vere i ein sprintfinale.
Amund Korsæth seier han aldri har kjent seg sterkare enn før denne sesongen.
Foto: Team Elon Oslofjord
Sarpingen har flytta til Oslo og går for laget Team Elon Oslofjord, der nivået er høgt – særleg i sprint.
Tvillingane Elde Holmboe, Simen Myhre og Matz William Jenssen har alle sterke resultat å vise til.
– Alle på laget er gode og har toppresultat i verdscupen. Lagkameratane mine er nesten dei tøffaste konkurrentane. Men vi pushar kvarandre kvar dag, ein må alltid vere på hogget.
Kan hevde seg godt
Team Elon Oslofjord blir trena av Ånund Lid Byggland.
Han var sjølv sprintar da han var aktiv. I 2013 tok han sølv i NM bak ikkje heilt ukjente Pål Golberg.
Ånund Lid Byggland er trenar for Korsæth, og trur skiløparen har ein god sesong framfor seg.
Foto: Team Elon Oslofjord
Han trur Korsæth har gode høve til å yppe seg mot dei aller beste denne sesongen.
– Han kan hevde seg veldig godt. Det gjorde han utover fjorårssesongen òg, trass i skaden. Amund har trena godt i sommar og haust.
6. februar startar OL i Italia.
– Eg må vere kjedeleg og seie at OL snakkar vi ikkje så mykje om, seier Lid Byggland.
Amund Korsæth er likevel open om at meisterskapen er eit mål og ein draum denne sesongen.
Men er det realistisk?
– Ut frå korleis det har vore på trening, kjenner eg OL er mogleg. Men eg må komme meg ut i verdscup før jul for at det skal gå, seier Korsæth.
Publisert
21.11.2025, kl. 08.31