På Dagsnytt 18 den 20. november kom gruppeleiar for Høgre og leiar for hovudutvalet for utdanning i Innlandet fylkeskommune, Joakim Ekseth, med følgande påstand om Jotunheimen privatistskule i Lom:
«På Jotunheimen så har dei akkurat det same tilbodet i dag som det det var då den var offentleg. Det er éi linje med studiespesialisering og éi linje med tømrar.»
Realiteten er at skulen har følgande tilbod i dag:
- Studiespesialisering Vg1, Vg2 og Vg3
- Bygg- og anleggsteknikk Vg1
- Anleggsteknikk Vg2
- Tømrar Vg2
Mitt spørsmål er difor: Er ikkje partiet Høgre og hovudutvalet for utdanning kjent med kva for tilbod skulen faktisk har?