Laurdag kveld klokka 19.25 fekk to turistar problem på veg opp Skåla.
Ei ski gjekk i stykker, og dei fekk problem med å ta seg vidare på eiga hand.
– Bindingen på skia til den eine var øydelagt. Dei meinte at dei ikkje klarte å komme seg ned igjen med berre ein ski, seier Frode Kolltveit, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Frivillige frå Røde Kors og Norsk Folkehjelp rykte ut til fjellet. Dei køyrde snøscooter dei første 400 høgdemeterane, og gjekk resten til fots.
Dei var framme litt før midnatt.
Turistane møtte mannskapet ved Skålavatnet.
Eit redningshelikopter prøvde òg å kome seg til fjellet, men måtte snu på grunn av dårleg flyvêr.
Turistane hadde då vore i kulda i mange timar, og var noko nedkjølte.
Dei fekk på seg tørre klede. Klokka 03.19 melde politiet at turistane var nede frå fjellet.
Helsepersonell undersøkte dei der. Helsepersonell klarerte den eine med ein gong, og den andre etter konsultasjon med lege.

Les også
Knut har venta eitt år på å få lys her: – Tragikomisk

Les også
Tek sikkerheita på alvor: – Tilsette ved Bregnetunet er aldri åleine på jobb

Les også
Gav 60.000 kroner til han her