– Han går seg rett inn i bevisstheita til landslagsleiinga, kommenterte NRKs Jann Post.
Einar Hedegart smalt i gang frå start, og sette standarden på opningspunktet i 10-kilometerløypa på Beitostølen da han tok leiinga der.
24-åringen heldt tempoet oppe og da han gjekk opp mot passeringspunktet på 6,2 kilometer sperra NRK sin langrennsekspert Pål Golberg verkeleg opp auga.
– Det er så brutal forskjell å sjå han mot dei andre opp den bakken der, seier ein tydeleg oppglødd Pål Golberg.
Einar Hedegart får Pål Golberg til å måpe.
– Eg har sett ganske mange løparar opp den kneika ved 6,2 opp gjennom åra. Det Einar Hedegart viste fram er på eit ordentleg nivå, heldt Pål Golberg fram og konstaterte til slutt:
– Eg har aldri sett nokon gå opp den bakken på den måten før. Det må eg sjå på TV når eg kjem heim i kveld.
– Utruleg deilig
Da Hedegart sklei i mål knytte han neven og var tydeleg tilfreds.
– For eit løp. Det er eit enormt driv over gåinga hans, seier NRK sin ekspertkommentator Fredrik Aukland.
Sjølv hadde Hedegart følgjande å si om sitt løp:
– Det er utruleg deilig. Eg har kjent dei siste dagane at no byrjar kroppen å spele på lag. Eg snakka med dama på telefon i går. Då sa eg at eg trur eg kan vinne. Men eg har lyst til å vinne med større margin enn det Klæbo gjorde, fortel Hedegart til NRK.
– Går du fortare utan børse?
– Ja, det gjer eg. Det er få skiskyttarløp internasjonalt kor eg har fått vist meg på mitt beste.
LEIAR: Einar Hedegart fann seg til rette i leiarstolen på Beitostølen.
Foto: Anders Skjerdingstad / NRK
Andreas Fjorden Ree var han som nærast Hedegart. Han gjekk også eit godt skirenn, men i mål var han 13.2 sekund bak karen frå Inderøy i Trøndelag. Iver Tildheim Andersen vart nummer tre.
Trur du Einar Hedegart kan ta medalje i OL?
Ja, han er medaljefavoritt på 10 km fri teknikk
Ja, men det spørst om han kjem seg dit. Nålauget er trangt
Nei, han får halde seg til skiskyting
Vis resultat
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet.
Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener,
og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
«Beef»
I målområdet stod skiskyttar Simon Hjelmeseth Kirkeeide. Han var imponert av skiskyttar-kollega Hedegart.
– Vi kan skryte litt, men ikkje for mykje, for han blir så høg på seg sjølv. Det var ganske bra det der, eg er litt overraska over at han skulle gå så fort i dag. Men det er greitt å få det svart på kvitt at skiskyttarar kan gå fort på ski òg.
LANGRENN: Nå er det langrenn som gjeld for den tidlegare skiskyttaren.
Foto: Christoffer Andersen / NTB
– «Beefen» mellom skiskyttarar og langrennsløparar, korleis er den?
– Skal eg vere heilt ærleg? Mitt inntrykk er at langrennsløparar meiner at skiskyttarar ikkje kan gå på ski. Det er så enkelt som det. Og det er sjølv om Johannes Thingnes Bø sannsynlegvis har vore verdas beste skiløpar uansett idrett dei siste 15 åra, så meiner enkelte at han ikkje kan gå på ski. Så det er greitt å få det svart på kvitt at det kan dei, seier ein smilande Kirkeeide til NRK.
Etter at Hedegart fekk høyre om det skiskyttarkollegaen hadde sagt, konstaterte Hedegart:
– Vi har bevist i det siste at vi trenar veldig bra i skiskyttarleiren også. Er du best i skiskyting, så er du òg i toppen i langrenn. Langrennsløparar går fort dei òg, det treng dei ikkje bekymre seg for, seier Hedegart.
Resultatliste 10 kilometer fri teknikk Beitostølen
Resultatliste 10 km fri teknikk herrer:
1. Einar Hedegart 20.36,7
2. Andreas Fjorden Ree +13,2
3. Iver Tildheim Andersen +36,4
4. Simen Hegstad Krüger +36,7
5. Martin Løwstrøm Nyenget +41,3
Eigentleg skiskyttar
Einar Hedegart har veksla mellom å vere skiskyttar og langrennsløpar.
Før NM i skiskyting i 2025 fortalde han offentleg at han var veldig usikker, men etter å ha blitt Noregsmeister på fellesstart i Steinkjer meinte han at det var skiskyttar han var.
SKISKYTTAR: Einar Hedegart har tidlegare satsa på skiskyting.
Foto: Anders Boine Verstad
Det kom etter at han også hadde fått sjansa i verdscupen i langrenn, der han tok ein sterk andreplass i Holmenkollen.
Men rett før sesongen smalt i gang i vinter kom det plutseleg fram at Hedegart nå hadde ombestemt seg:
– Nå er det «all in» på langrenn, stadfesta Hedegart i eit intervju med Adresseavisen.
Da sigeren på Beitostølen var eit faktum søndag fekk han spørsmålet igjen.
– Er du langrennsløpar eller skiskyttar?
– Eg sa 70–30 tidlegare i år. 70 prosent langrennsløpar, 30 prosent skiskyttar. Eg har noko uoppgjort med skiskyting, men det trur eg at eg tek neste år.
– Så no er du langrennsløpar?
– Ja, det er eg.
Publisert
23.11.2025, kl. 14.33
Oppdatert
23.11.2025, kl. 15.09