Saka oppsummert:
- Elevar blir oppfordra til å bruke kunstig intelligens (KI) i skulen, men blir samtidig skulda for juks.
- Det manglar tydelege retningslinjer for når og korleis KI kan brukast i skulearbeid.
- Mange elevar opplever at det er vanskeleg å få toppkarakterar utan å bruke KI.
- Elevar ved Elvebakken vidaregåande skule ønsker eit eige fag om KI.
- Kunnskapsministeren erkjenner utfordringane med KI i skulen, men meiner det er behov for meir tid og arbeid for å finne gode løysingar.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
– Dei kan ikkje berre legge det på oss unge, seier Pernille Hedløv Aase (18).
NRK møter ho og klassekameratane Leone Tambuscio Kloster (18), Marte Torset Gjøsund (18) og Håkon Eidsvåg Myhre (18) utanfor Elvebakken vidaregåande skule i Oslo.
Dei går alle linja medium og kommunikasjon, og kunstig intelligens (KI) er eit tema som engasjerer.
Pernille Hedløv Aase meiner at dei vaksne må ta meir ansvar for KI i skulen.
Foto: Regine Engelina Hatvik / NRK
– Nokon lærarar oppfordrar oss til å bruke det, mens nokon er veldig mot det. Det er det som er problemet, seier Aase.
– Når vi menneske har klart å lage eit verktøy som KI, så synest eg vi bør kunne ta det i bruk utan å få dårleg samvit for det, legg ho til.
Lærarane bruker også KI, utan at det blir sett på som eit problem, påpeikar Kloster.
– Dei er veldig opptatte av det, bortsett frå når dei bruker det sjølv. Det verkar som dei har litt dobbeltmoral, seier han.
Leone Tambuscio Kloster og Pernille Hedløv Aase.
Foto: Regine Engelina Hatvik / NRK
Rektor ved Elvebakken, Camilla Hauren Leirvik, seier dei aller fleste lærarane ved skulen oppmodar elevane til å bruke KI.
– Men kvar stor skule vil ha nokre lærarar som synest dette er litt utfordrande, seier ho.
– Då vil elevane oppleve noko ulik bruk, men vi opplever i utgangspunktet at det har vore veldig lite støy rundt bruken av KI.
Gjøsund, Aase, Kloster og Myhre seier dei bruker KI i sin skulekvardag.
Foto: Isabel Müller Eidhamar / NRK
– Ein ny standard
Kunstig intelligens blir brukt meir og meir i skulen – både til læring, men fleire bekymrar seg også for at det kan brukast til juks.
Samtidig er politikarane ueinige om korleis reglane bør vere.
Allereie i 2023 etterlyste Elevorganisasjonen tydelege retningslinjer for bruk av KI i skulen. Også Norsk Lektorlag har sagt dei forventar føringar for ChatGPT.
– Eg trur elevar er einige i at KI kan vere eit problem, men eg trur ikkje dei bryr seg nok til å endre åtferd, seier Myhre.
Håkon Eidsvåg Myhre og Marte Torset Gjøsund.
Foto: Regine Engelina Hatvik / NRK
Nokon elevar opplever også at det blir vanskelegare å få toppkarakterar utan hjelp frå ein datamaskin.
– Det lønner seg å gjere jobben sjølv med tanke på eiga læring, men eg trur lærarane ubevisst har blitt ganske vant til KI-svar på oppgåver, seier Gjøsund.
– Utan at dei meiner det set dei ein annan standard for oss enn det var for ti år sidan, sjølv om læringsmåla er ganske like, legg ho til.
Dette seier Udir:
Ingen nasjonale retningslinjer:
Det finst per i dag ingen nasjonale retningslinjer som detaljstyrer bruk av kunstig intelligens i skulen. Skuleeigar har ansvaret for at personvernet og tryggleiken for elevar og tilsette blir ivaretatt i løysingane som blir tatt i bruk.
Det er opp til kvar enkelt skule eller lærar å vurdere kva læremiddel og verktøy som best støttar læringsmåla i undervisninga. Udir har publisert råd om KI i skulen. Råda er eit godt utgangspunkt for å lage lokale retningslinjer for bruk.
Frå 2026 vil EU-forordninga om kunstig intelligens gradvis bli innført også i Noreg. Det vil føre til fleire krav til bruk også i utdanningssektoren.
KI er ei av dei største utfordringane skulane står overfor i dag, ifølgje Udir. Den raske utviklinga har vore krevjande å handtere for dei som jobbar i skulen, opplyser dei.
KI og eksamen:
Kunstig intelligens skaper også utfordringar for dagens eksamensordning. Udir opplyser at dei har stilt krav om at alle skular skal gjennomføre eksamen på sikkert eksamensnett og med auka vakthald. Saman med fylkeskommunane har dei kutta tal tillatne nettbaserte hjelpemiddel frå 160 til 15.
Førebuingsdelen på dei fleste skriftlege eksamenar er fjerna, slik at elevane ikkje kan levere tekstar på eksamen, som dei har laga med KI på førehand.
I 2025 har bruk av ein sikker nettlesar vore testa på enkelte eksamenar. Denne ordninga inneber store endringar for elevane, ettersom dei ikkje kan bruke tekstbehandlingsprogram og hjelpemiddel som dei er vant til frå undervisninga.
Målet er at alle digitale eksamenar kan bli gjennomført i sikker nettlesar i 2027. På lenger sikt er det behov for større endringar, og Udir jobbar no med oppdrag frå departementet om å vidareutvikle eksamen og prøvar i skulen, i samarbeid med elevar, lærarar og skulane.
Kompetansepakke til lærarar:
Udir har kompetansepakkar om kunstig intelligens og digital dømmekraft som lærarar fritt kan bruke både aleine og saman med kollegiet.
Kompetansepakken om kunstig intelligens i skulen skal støtte lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar i å handtere framveksten av kunstig intelligens.
Pakken tar for seg utfordringar og moglegheiter med denne teknologien – spesielt i tilknyting til undervisningspraksis, vurdering, kjeldekritikk, personvern og informasjonstryggleik.
Rundt 12.000 lærarar er påmeldt i pakken. Udir rår skuleeigarar til å sørge for tilstrekkeleg opplæring av lærarar og elevar.
Må jukse for toppkarakter
Lektor Anne Grønlie ved Drammen vidaregåande skule er klar over utviklinga.
– Eg ser at mange er freista å bruke kunstig intelligens fordi dei opplever at nokon bruker KI og får veldig gode karakterar. Då blir dei freista til å gjere det same sjølv.
Lærar Anne Grønlie etterspør retningslinjer for bruk av KI i skulen.
Foto: NRK
Ho har sjølv erfart at elevar bruker KI til å skrive oppgåver, eksamen og til å gi raske svar på spørsmål i klassen.
– Dei får KI til å gjere alt for seg. Det er ikkje lov, men vi har ikkje nokon løysingar for det.
– Må elevar jukse for å få toppkarakter?
– Sjølvsagt. Ein av dei tinga vi gjer er å kvalifisere elevar til vidare studium. Då er nålauget er trongt. Så mange gjer nesten alt dei kan for å få gode karakterar.
– KI øydelegg
Elevane ved Elvebakken trur det er mogleg å få betre karakterar ved hjelp av KI.
– Eg skjønner korleis det kan bli urettferdig for folk som ikkje bruker det, men det er eit val skulen gir oss når vi har så enkel tilgang på det, seier Aase.
Elevane snakkar mykje om KI på skulen.
Foto: Regine Engelina Hatvik / NRK
Kloster er skeptisk til at KI har blitt ein så stor del av skulekvardagen.
– Dei fleste elevane i klassen bruker det til oppgåver. Eg tenker det utan tvil er grunn til å vere uroleg, seier han.
– Skulen handlar ikkje om å skape det aller beste. Det handlar om vegen dit. Og KI øydelegg for det sidan det berre handlar om resultat.
Eksamenskrøll
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) vedgår at det ikkje er tvil om at KI har endra vilkåra i skulen. Det utfordrar både læring og vurderingspraksis.
– Mange land arbeider med dei same spørsmåla som oss, og ingen har alle svara enno, seier ho.
– Men vi sit ikkje stille i båten og har alt tatt viktige grep for at spesielt skriftleg eksamen skal bli gjennomført rettferdig og utan juks.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun meiner det er behov for meir tid og arbeid for å finne gode løysingar for KI i skulen.
Foto: Rodrigo Freitas / NTB
Under årets eksamen tok Utdanningsdirektoratet (Udir) grep.
Blant anna kan sensorar varsle med ein «jukseknapp» dersom ein tekst er så god at det må bli vurdert om eleven har juksa på eksamen eller ikkje.
Det er problematisk, meiner rektoren ved Elvebakken.
– Ressurssterke elevar i skriftlege fag har fått tekstane sine flagga som KI-juks på eksamen, sjølv om lærarane som kjenner dei veit at dei har gjort jobben sjølv og at det ikkje er juks, seier Leirvik.
– Eg skjønner at elevane blir litt utrygge, fordi dei digitale verktøya og bruken av dei endrar seg omtrent frå veke til veke, legg ho til.
Trur du kunstig intelligens gjer at fleire juksar på skulen?
Ja, eg hadde sjølv vore freista til å jukse!
Nei, eg trur elevane er flinke og ærlege.
Veit ikkje, tanken har ikkje slått meg.
Vis resultat
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet.
Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener,
og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Vil ha KI-fag
Elevane ved Elvebakken etterspør tydelege reglar for når dei kan bruke KI og korleis teknologien kan bli tatt i bruk på ein forsvarleg måte.
– Det er nok eit mindre problem enn mange skal ha det til, men samtidig trur eg det er eit problem, seier Myhre.
– Eg synest vi bør få bruke det, men eg synest også det bør vere ganske god opplæring i korleis vi skal bruke det, seier Aase som meiner at eit skulefag kan vere svaret.
Elevane meiner at eit KI-fag kan vere nyttig å få på plass.
Foto: Isabel Müller Eidhamar / NRK
– Det hadde vore fint med eit fag om korleis og kva vi skal bruke KI til, kanskje allereie på ungdomsskulen, seier ho.
Aase får støtte frå kunnskapsministeren.
Nordtun seier at regjeringa har bede Udir om å vurdere om norske elevar treng eit eige teknologi-fag på skulen.
– Her er det i så fall naturleg at KI vil inngå som ein del av faget. Men vi må også vere kritiske til når elevane skal bruke kva, seier ho.
– Og det er ikkje sikkert at dei yngste barna, med umodne barnehjernar under utvikling, skal bruke KI-verktøy i skulen.
Publisert
23.11.2025, kl. 20.44