– No er eg gravid, så då blir nok ikkje (meir spel) med det første. Men du skal ikkje sjå bort frå eit comeback, seier Elise Thorsnes til VG.

Ho var berre så vidt innom banen – men like fullt fekk Vålerenga-spelaren den avslutninga ho kunne håpa på:

– Det er berre rørande. Det var vanskeleg å halda tilbake tårene når ein står der. Ei verdig og fin avslutning.

Thorsnes annonserte denne veka at etter cupfinalen skulle ho leggja opp.

– Å få lov til å avslutta med ein velfungerande kropp, ingen varige mein og på mine eigne premissar er eg så takksamt for. Eg kunne spelt i tre år til. Kroppen vil, hove vil, men hjartet mitt er klar for noko nytt, skreiv Thorsnes (37) på Instagram.

Finalen søndag vart det tredje cupoppgjeret på rad mellom Vålerenga og Rosenborg. I 2023 vann RBK 1–0.

I 2024 fekk VIF revansje med same siffer, før no i 2025 forsvarte VIF tittelen med 2–0-siger.

Sogn Avis vonar å koma attende med ei større sak med Thorsnes der me oppsummerer ei fantastisk karriere.