Minst fire personar er drepne i nye russiske angrep i ukrainas nest største by Kharkiv søndag kveld.

Dei drepne er to kvinner på 61, 69 og 41 år og ein mann på 55 år.

– 17 personar er såra, to personar er innlagde på sjukehus. Feire får medisinsk hjelp på staden, opplyser ordføraren i byen Ihor Terekhov på meldingstenesta Telegram.

Det er barn blant dei såra.

Ifølgje førebelse opplysningar har Russland gjennomført 16 angrep i Kharkiv-regionen søndag kveld. Det skal ha vorte brukt dronar av typen «Geran-2» som blant anna har treft private bustader og andre hus.

En bamse ligger henslengt på bakken etter russisk angrep mot Kharkiv

Ein einsleg bamse ligg slungen blant ruinar etter droneangrepet i Kharkiv

Foto: Myndighetene i Kharkiv/Telegram

Søkjer etter menneske i ruinar

Leiar for militæradministrasjonen til Kharkiv-regionen, Oleh Synjehubov, beskriv angrepet som «massivt».

Alle nøydetatar jobbar på stadene der angrepa fann stad.

– Det blir gjennomført hus-til-hus-søk, ettersom øydeleggingane er store. Det viktigaste nå er å forsikre oss om at det ikkje ligg menneske i ruinane, skriv Terekov.

Seint søndag kveld melder guvernøren i byen Zaporizjzja at det også er trussel om russiske angrepsdronar i regionen.

Russiske droner førte til store ødeleggelser på bygninger i Kharkiv søndag kveld

Store øydeleggingar i Kharkiv etter nye russiske droneangrep

Foto: Myndighetene i Kharkiv/Telegram

Publisert

24.11.2025, kl. 01.16