Saka oppsummert
- Fastlege Halvard Martin Aag har fått krav om å betale tilbake 1,2 millionar kroner til staten grunna mangelfull dokumentasjon av tidsbruk og ultralydbruk.
- Legeforeininga støtter Aag. Dei går no til sak mot staten, noko som er første gong. Legeforeininga meiner dokumentasjonskrava frå Helfo og Helseklage er blitt for strenge.
- Staten argumenterer for at kontroll og dokumentasjon er nødvendig for å sikre riktig bruk av fellesskapet sine pengar.
- Dersom Aag vinn saka, kan han få betalt tilbake opptil 1 million kroner, og utfallet kan påverke praksisen for andre fastlegar.
- Aag fryktar at dersom dei taper vil det avgrense tida legane kan bruke på kvar konsultasjon.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
Når fastlege Halvard Martin Aag får ein pasient inn på kontoret, let han dei få tida dei treng og kikar ikkje på klokka.
– Det er viktig at dei får fram bodskapen sin slik at eg kan sjå det totale bildet, seier fastlegen på Radøy i Alver.
Men sjølv om vestlandslegen og pasienten har nytte av dette, så har det straffa seg økonomisk for Aag. For tre år sidan fekk han nemleg eit krav om å betale tilbake 1,6 millionar kroner til staten.
Helfo meinte nemleg at fleire av refusjonskrava hans til staten ikkje viste godt nok tidsbruken med pasientane. Også ultralydbruken til legen peikte dei på.
Helfo-refusjonar
- Det norske helserefusjonssystemet er bygd på tillit. Det betyr at Helfo tar utgangspunkt i at helsepersonell sender riktige krav, skriv dei på sine nettsider.
- Det er ein forutsetning at dato og tidspunkt for behandlinga skal fremgå av refusjonskravet, opplyser Helfo.
- Ved innsending av refusjonskrav blir det gjennomført automatiske kontrollar for å unngå feilutbetalingar.
- Ved mistanke om urettmessige utbetalingar kan Helfo starte såkalla etterkontroll «på grunnlag av risiko for feil».
- Etter kontrollen kan helsepersonell få pålegg om å endre praksis for refusjonar, eller få krav om å betale tilbake utbetalte pengar frå staten. Ved alvorlege forhold og tillitsbrot kan ein miste retten til å «praktisere for trygdens regning» i inntil fem år.
- I alvorlege saker der Helfo mistenker økonomisk kriminalitet, kan helsepersonellet bli meld til politiet.
Summen blei redusert til 1,2 millionar etter at Aag klaga.
Går til sak mot staten for første gong
Men legen er ikkje samd i vurderinga og går no til sak mot staten.
Aag får bistand frå advokatar i Legeforeininga. Det er første gong dei hjelper ein lege på denne måten i ei sak mot staten der grunnlaget for takstar skal prøvast.
Saka startar i Oslo tingrett måndag.
Legeforeininga meiner fastlegen har dokumentert tidsbruken sin godt nok og i tråd med vanleg praksis for journalføring.
Staten er usamd. Dei peiker på at det er viktig å ha kontroll med legane sin tidsbruk og refusjonskrava.
Sjå heile svaret frå staten lenger nede i saka.
Fastlege Halvard Martin Aag er glad i jobben sin og prøver alltid å få det totale bildet når pasientane kjem inn på kontoret hans. Men det har straffa seg for legen i Alver.
Foto: Privat
Fastlege Aag meiner at dersom staten vinn, så vil det også vere skadeleg for pasientane.
– Då må vi sitte på klokka og halde oss under 20 minutt i nær alle konsultasjonar, fryktar han.
Synest legane får for strenge krav
Øyvind Anmarkrud, advokat i Legeforeininga, seier dei tek saka til retten fordi dei meiner fastlegen har ei god sak.
Men i tillegg føyer den seg inn i eit større bilde, legg han til.
Legeforeininga synest dokumentasjonskrava dei siste åra har blitt for strenge. Dei reagerer på kontrollpraksisen til Helfo og Helseklage.
Legeforeininga fryktar konsekvensen for pasientar dersom dei taper i retten.
Foto: www.sturlason.no / Sturlason
Fleire gonger har nemleg Helfo stilt spørsmålsteikn når legar brukar meir enn 20 minutt på ein pasient, og dermed får ekstra utbetalt frå staten. Helfo har då pirka borti dei medisinsk behova til pasienten opp mot legen sin tidsbruk.
– Dette er problematisk fordi legen då ikkje kan bruke den tida han meiner det er medisinsk behov for, seier advokaten.
Dei siste åra har fleire legar fått krav frå Helfo om tilbakebetalingar.
Legeforeininga håper ein siger i retten kan føre til at Helfo må korrigere kursen sin.
– Men er det ikkje rett at Helfo må ha strenge krav når dei gir ut fellesskapet sine midlar?
– Jo, det er viktig og den enkelte lege må ha bevisstheit rundt dette. Det er heller ingen tvil om at det er nokre saker der legar brukar refusjonar i strid med regelverket. Men då må Helfo sjå nyansane i sakene der fakta er annleis.
Dersom fastlegen vinn fram, kan han få betalt tilbake opp mot 1 million.
Staten: Må ha kontroll
Sverre Runde er advokat hos regjeringsadvokaten.
– Staten sitt syn er at saksøkaren ikkje har dokumentert at vilkåra for å krevje refusjon frå staten var oppfylt for dei rekningane som saka gjeld.
Han seier staten hadde ein kontroll av eit større utval rekningar.
Fleire blei godkjent, men ikkje alle.
– Vi er samde i at fastlegane har fagleg skjønn og har moglegheit til eit visst handlingsrom i kor mykje tid kvar enkelt pasient treng. Men staten har også behov for å kontrollerer at tidsbruken er nødvendig, seier staten sin advokat.
Runde seier dokumentasjonskrava ikkje er veldig omfattande.
– Og dei er viktige for å sikre at fellesskapet sine midlar går der dei skal, seier Runde.
Fryktar pasientane blir skadelidande
For fastlegen i Alver har saka vore vanskeleg og sår.
– Det har vore vondt å bli sett på som ein person som prøvar å utnytte systemet. Dette råkar hardt, både fordi det handlar om den faglege integriteten min, men også reint personleg, seier Aag.
Publisert
24.11.2025, kl. 05.22